Vy periodebillett
Reiser du ofte løner det seg å kjøpe periodebillett frå Vy. Billetten gjeld for reiser i begge retningar på strekninga og for eit uavgrensa tal reiser innanfor 24 timar eller 7, 30 eller 365 dagar.
Periodebillett – kort fortalt
- Billett for 24 timar, 7, 30 eller 365 dagar
- 365-dagarsbillett – 12 månader for prisen av 10
- Kan kjøpast med setereservasjon på nokre strekningar
- Kan refunderast
Slik kjøper du periodebillett
Du kan også kjøpe periodebillett i automat eller på betent stasjon, men ikkje om bord i toget eller på vy.no.
Prisen på periodebillettane varierer etter kvar du reiser frå og til, og kva slags type billett du vel. Du kan finne prisane i reisesøket i Vy-appen.
Informasjon om honnør- og barnerabatt, reisekort, periodebillett for anonyme reiser og periodebillett på papir finn du lenger ned på denne sida.
Setereservasjon
For nokre strekningar, til dømes Gjøvik–Oslo, kan du kjøpe setereservasjon som ei tilleggsteneste til periodebilletten din i appen.
På Bergensbanen treng du setereservasjon. Det betyr at du må leggje til ein setereservasjon når du kjøper billett, eller så kan du kjøpe setereservasjon av konduktøren om bord på toget.
NB: Du som har Periodebillett utan setereservasjon kan reservere sete på enkeltavgangar – berre 69 kroner per reservasjon.
Vilkår for Vy Periodebillett
- Med Periodebillett er det fritt seteval, det vil seie at du kan setje deg der det er ledig plass. Unntaket er Bergensbanen, der du treng setereservasjon. På nokre avgangar på Austlandet kan du kjøpe tilleggstenesta setereservasjon, for å sikre deg eit sete. Les meir om setereservasjon.
- Periodebillett med setereservasjon kan du berre kjøpe i Vy-appen. I appen kan du reservere sete for fleire veker fram i tid.
- Barn 6–17 år og studentar får 50 prosent rabatt på 30-dagers periodebillettar.
- Rullestol og barnevogn er gratis. Mot eit pristillegg kan du ta med hund og/eller sykkel om bord.
- Du har fire timars angrefrist frå du kjøper billetten i appen eller i ein billettautomat, så lenge du avbestiller før du aktiverer periodebilletten.
- Når du kjøper ein periodebillett, vel du sjølv tidspunktet han skal vere gyldig frå. Billetten er då gyldig til same tidspunkt 24 timar, 7, 30 eller 365 dagar seinare – avhengig av kva periode du har valt.
- 24-timars periodebillett er berre tilgjengeleg som sonebillett for Ruter og Skyss.
- Ved overgang til vintertid blir klokka stilt éin time tilbake. For periodebillettar som framleis er gyldig etter at vintertid trer i kraft, kan den faktiske varigheita bli éin time kortare. Dette kjem av ei planlagd og generell endring i tidssystemet blir ikkje kompensert. Tilsvarande, ved overgang til sommartid blir klokka stilt éin time fram, og periodebilletten blir i praksis gyldig éin time lenger.
Når det gjeld vilkår for andre kollektivselskap, som Ruter, kan du lese meir på selskapet si nettside.
Rabatt på Periodebillett
Studentar
- Studentar under 30 år får 50 prosent rabatt på Vy 30-dagarsbillett.
- Studentrabatten gjeld til og med den månaden du fyller 30 år. Legitimasjon og stadfesting for betalt semesteravgift må visast.
- Studentrabatten gjeld ikkje for 7-dagars periodebillett.
- Setereservasjon er ikkje tilgjengeleg for Periodebillett med studentrabatt.
- Overgangsbillett for Ruter-sone 1 gjeld berre viss du har Periodebillett for vaksen.
Barn
- Periodebillett med studentrabatt kan også kjøpast til barn frå 6 til og med 17 år.
- Ved billettkontroll må barnet vise fram gyldig periodebillett, i tillegg til personleg legitimasjon som viser alderen på barnet.
- Som legitimasjon/aldersbevis gjeld bankkort (med bilete), pass, eller kopi av pass.
Hundar
- Reiser du med hund med skulderhøgde over 40 cm kan du kjøpe periodebillett med studentrabatt.
Andre reglar kan gjelde hos andre operatørar, som Ruter og Skyss. Sjå nettsidene deira for informasjon.
Vi gjev ikkje honnørrabatt på Vy periodebillett, så du må i staden kjøpe periodebillett for vaksen.
Men du får honnørrabatt på periodebillettar frå mellom anna Ruter, Skyss og Kolumbus som du kjøper i Vy-appen. For informasjon om honnørrabatt for billettane til dei andre fylkeskommunale transportselskapa, sjå deira eigne heimesider.
Reisekort, periodebillett på papir og upersonleg periodebillett
Du kan også fornye periodebilletten din via appen vår.
Første gong du skal kjøpe periodebillett på papir må du registrere deg slik at du får eit kundenummer. Dette kan du gjere i appen eller på vy.no Kundenummeret brukast til å kjøpe periodebillett via automat eller på betent stasjon.
Upersonleg periodebillett kan brukast av andre, men ein må kunne legitimere retten sin til eventuell rabatt på periodebilletten, for eksempel studentrabatt. Upersonleg periodebillett blir ikkje erstatta ved tap av reisekort, og gir ikkje rett til refusjon ved sjukdom.

Passar Smartpris deg betre?
Reiser du ikkje ofte nok til at det løner seg med Periodebillett? Då kan du i staden prøve Smartpris. Smartpris er for deg som pendlar med tog mellom to faste togstasjonar på Austlandet.
Les om Smartpris