Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Interrail – opplev Europa med tog

Med interrailbillett kan du reise rundt i heile Europa med tog. Prisen er avhengig av kor lenge du er borte og alderen din. Billetten gjeld for ungdom, vaksne, familiar og seniorar.

En kvinne som ser ut av et togvindu

Slik kjøper du interrailbillett:

Vel billetten som passar deg:

  • Interrail for ungdom: Frå 12 år inntil fylte 28 år
  • Interrail for vaksne: Frå fylte 28 år
  • Interrail for seniorar: Over 60 år, til ein rabattert pris
  • Familietilbod: Inntil to barn under 12 år per vaksen reiser gratis
  • Interrail Global Pass eller Interrail OneCountry Pass
  • Interrailbillett kan du tidlegast bestille 11 månader før reisa skal finne stad. Det er ei reservasjonsavgift på 195 kr per interrailbillett ved kjøp i Noreg.

Interrail Global Pass

Billetten er gyldig i heile Europa, og du kan velje om du vil betale for eit avgrensa eller uavgrensa tal reisedagar innanfor ei bestemt periode. Du kan velje mellom ti ulike variantar.

Dersom du kjøper ein av Flexi-variantane, kan du sjølv velje kva dagar du vil reise på innanfor perioden billetten er gyldig.

Interrailbilletten gjeld ikkje for reise i det landet du bur, men kan nyttast for ei utreise og ei returreise i bustadlandet. Reisene må gjennomførast innanfor perioden billetten er gyldig, og i løpet av éin dag.

Reisande frå Nord-Noreg kan bruke to reisedagar kvar veg, når dette er nødvendig.

Interrail OneCountry Pass

Du kan kjøpe Interrail Pass for eitt enkelt land. Her kan du velje fritt mellom nesten alle landa i Europa. Du kan ikkje kjøpe Interrail OneCountry Pass for Noreg dersom du bur fast her i landet. Det er forskjellige prisnivå i dette tilbodet.

Du finn prisen for ditt ferieland i prislista.

Du kan kombinere Interrail OneCountry Pass med ein billeg flybillett – då kjem du raskt til reisemålet og kan bruke tida på å utforske ferielandet du har kome til.

Illustrasjon av en en by, tog foran en stasjonsbygning og en landsbyIllustrasjon av en en by, tog foran en stasjonsbygning og en landsby

Setereservasjon

Nokre tog har obligatorisk eller frivillig setereservasjon. Du må rekne med å betale ekstra for sitjeplassar og soveplassar.

I Noreg

Last ned appen Rail Planner

Med Rail Planner kan du planlegge reiseruta og finne detaljert informasjon om toga du kan ta. Rail Planner fungerer også offline, når du er undervegs. Skal du reise i Italia, kan du reservere plassar via appen og laste dei ned på mobilen. Dette fungerer berre når du er tilkopla internett.

Sjå også: