Hopp til hovudinnhald
Vy logo

PlussNatt

PlussNatt er billetten for deg som synest det er vanskeleg å sove i eit vanleg sete, men ikkje treng sovekupé. I våre nye liggestolar kan du gå frå søvnig til sengeklar med eitt knappetrykk.

En dame som sover i liggestol, med teppe over seg.
Foto: Vy/Sune Eriksen

PlussNatt – kort fortalt

  • Du får din eigen liggestol som kan leggast heilt flatt.
  • Stolen har god skjerming, eit lite bord, leselys, usb-ladar og stikkontakt for kvar stol.
  • Det ligg eit pledd til utlån i stolen som du kan bruke på toget.
  • Du får ei gratis vassflaske.

Kjøp di neste reise

Nyt ein skjerma plass

Privatlivet ditt er teke hand om med god skjerming og litt avstand til dine medreisande. Berre len deg tilbake, les ei bok eller sjå ein film. Og når du er klar for å ta kvelden, legg du setet heilt flatt, heilt enkelt.

Sov godt.

Ein god start på dagen

Reiser du med PlussNatt kan du nyte ein god frukost når du kjem fram til Oslo eller Bergen. Hos samarbeidshotella våre får du tilbod om rabattert pris på frukost ved å vise fram billetten din.

Gratis avbestilling med refunderbar billett

Kjøper du PlussNatt Refunderbar-billett kan du avbestille turen kostnadsfritt heilt fram til planlagd avreise, uansett årsak. Har du kjøpt billetten med innlogga profil på vy.no eller i Vy-appen kan du enkelt avbestille reisa sjølv. Ønskjer du å endre til ein annan avgang må du først avbestille billetten, og deretter bestille ei ny reise.

Slapp av i komfortsona di

  • Innvendige mål når stolen er lagt flatt ned: Lengde 203 cm, breidde ved skulder 65 cm, på sitt breiaste er stolen 81 cm.
  • Temperaturen går ned litt om natta, så ta gjerne på deg noko lunt og godt.
Mann med blå genser og hodetelefoner, sitter i liggestolen og ser på mobilen.
Foto: Vy/Sune Eriksen

Reis med nattoget på fleire måtar

Kvinne sitter i sengen i en sovekupé i toget på Bergensbanen, med sønnen sin liggende på fanget mens han ser på en iPad.

Sove

Sove er billetten for deg som vil reise langt og sove godt i ein sovekupé med to senger. Kom fram utkvilt.

Skal du ha med sykkel?

På Bergensbanen har vi no plass til fleire syklar. Du finn sykkelplassane ved inngangen til vogna, og vi rår deg til å låse alt utstyr med lås du har med deg før du finn plassen din.

Hugs å bestille eigen plassbillett til sykkelen din før avreise.

Om sykkel på toget

Våre samarbeidshotell

  • Frukost måndag–fredag kl. 07:00–10:00
  • Frukost laurdag kl. 07:00–10:30

  • Frukost måndag–fredag kl. 06:45–10:00
  • Frukost laurdag kl. 06:45–10:30
  • En dame i stripete genser ligger og sover i en PlussNatt liggestol, en mann i blå genser sitter i stolen bak.
    Liggestol i soveposisjon som seng

    Foto: Vy/Sune Eriksen

    Vilkår