Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Sove

Sove er billetten for deg som vil reise langt og sove godt. Den beste måten å reise med nattoget på er i ei lun og god seng. Kom fram utkvilt.

Kvinne sitter i sengen i en sovekupé i toget på Bergensbanen, med sønnen sin liggende på fanget mens han ser på en iPad.
Foto: Vy/Sune Eriksen

Sove – kort fortalt

  • To senger med dyne, pute og handklede
  • Vaskeservant i kupéen
  • Vekking 15 minutt før ankomst

Kjøp di neste reise

Sove – billetten din til drøymereisa

Sove er billetten din til ei god nattesøvn i din heilt eigne sovekupé. Kvar kupé har to senger med gode madrassar (75 x 200 cm), dyner og puter, og er sjølvsagt utstyrt med alt du treng til både kvelds- og morgonstellet; vask, spegel, reine handklede, såpe og drikkevatn på flaske. Her er det berre å pakke seg inn i den lune dyna og sovne til lyden av togskjenene under deg, så passar vi på at du blir vekt 15 minutt før du må gå av toget.

Det er sengeplass til to personar, men om du ønskjer så kan inntil 2 vaksne og 2 barn dele ein kupé. Vi rår til at alle barn over 4 år får kvar si seng. Alle barn under 6 år reiser gratis. Det er ikkje plass til barnevogn i kupéen. Kjæledyr er diverre ikkje tillate i sovekupéane.

Vekking skjer over høgttalar 15 minutt før du må gå av toget kl. 06:45. Ønskjer du å gå av tidlegare må du ta ansvar for vekking sjølv.

Rabatt på frukost i Oslo og Bergen

Reiser du med Sove kan du nyte ein god frukost når du kjem fram til Oslo eller Bergen. Hos samarbeidshotella våre får du tilbod om rabattert pris på frukost ved å vise fram billetten din.

  • På Thon Hotel Opera⁠Ekstern lenke i Oslo får du frukost for 195 kr.
  • På Grand Hotel Terminus⁠Ekstern lenke og Hotel Zander K⁠Ekstern lenke i Bergen får du frukost for 195 kr.

Nattog-tips

  • I sovekupéane finn du straumuttak.
  • Øyreproppar er gratis, du finn dette i kupéen din.
  • Kafeen er open heile natta med eit variert utval av mat og drikke, og stengjer 30 minutt før toget kjem fram til endestasjonen. Vi har ikkje tilbod om frukost om bord på toget.
  • Reiser du med sykkel må du bestille eigen sykkelplass. Les meir om sykkel.

Om innsjekk og utsjekk

Før du går til Sovekupéen sjekkar du inn hos konduktør for å få tildelt nøkkelkort. I Bergen sjekkar du inn på plattforma, og i Oslo sjekkar du inn om bord i vogn 5, som er kupévogna.

  • Oslo–Bergen kl. 22:40
  • Bergen–Oslo kl. 22:40

  • Oslo–Bergen kl. 06:45
  • Bergen–Oslo kl. 06:45

Samarbeidshotella våre

  • Frukost måndag–fredag kl. 07:00–10:00
  • Frukost laurdag kl. 07:00–10:30

  • Frukost måndag–fredag kl. 06:45–10:00
  • Frukost laurdag kl. 06:45–10:30

Reis med nattoget på fleire måtar

En dame som sover i liggestol, med teppe over seg.

PlussNatt

PlussNatt er billetten for deg som ønsker det vesle ekstra. I våre nye liggestolar kan du gå frå søvnig til sengeklar med eitt knappetrykk.

Vilkår

  • En mann sitter på et sete i gangen på toget. En dame står i døren til en sovekupé og pusser tennene og to barn sitter i en seng i en sovekupé.

    Foto: Vy/Sune Eriksen

    Sjå også: