Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Skyss reiserabatt – for deg som reiser av og til

Skyss reiserabatt er ei rabattordning for deg som reiser kollektivt i Vestland. Du får automatisk reiserabatten i Vy-appen når du kjøper vaksen enkeltbillett innanfor Skyss sone A.

Tog som køyrer inn til ein by.
Foto: Øivind Haug

Skyss reiserabatt – kort fortalt

  • Perfekt for deg som reiser mindre enn sju enkelt reiser i veka
  • Rabatten blir berekna ut frå kor mykje du har reist dei siste 30 dagane.
  • Maks rabatt er 40 %
  • På tog gjeld rabatten i Skyss sone A.

Slik fungerer rabatten

  • Kjøp ein enkeltbillett for vaksen (sone A) i Vy-appen som vanleg.
  • Rabatten startar frå billettkjøp nummer to og vil gradvis auke jo fleire billettar du kjøper i løpet av 30 dagar.
  • Dei første 30 dagane vil kvar reise ta deg eitt steg høgare på rabattstigen.
  • Etter dei første 30 dagane vil rabatten din flate ut. Den vil fortsette å ligge på same nivå dersom du har eit fast reisemønster. Rabatten blir alltid rekna ut frå den dagen du kjøper billett og 30 dagar tilbake i tid.
  • Dersom du reiser meir enn vanleg, vil rabatten din gå opp. Om du reiser mindre enn vanleg, vil rabatten din gå ned. Rabatten går berre ned til null dersom du ikkje har kjøpt nokon enkeltbillettar i løpet av dei siste 30 dagane.

Praktisk om rabatten

  • Maks rabatt er 40 %, som betyr at prisen på enkeltbilletten med full rabatt blir 26,40 kroner.
  • Reiser per veke:
    1 dag (2 reiser): 17 % rabatt
    2 dager (4 reiser): 26 % rabatt
    3 dager (6 reiser): 35 % rabatt
  • I Vy-appen vil du sjå ditt rabattnivå på Heim-skjermen. Herifrå kan du gå inn på oversikt over din reiserabatt der du får ytterlegare infomasjon.
  • Reiser du i gjennomsnitt meir enn 5-6 enkeltreiser per veke, vil det som oftast lønne seg med 30-dagars periodebillett.
Illustrasjon av hvilke stader er inkludert i Skyss sone A.

Sone A inkluderar kommunene Bergen, Askøy, Øygarden, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje og tidlegare Os kommune.

Spørsmål og svar om reiserabatten

Sjå også: