Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Smartpris – for pendling i hybridkvardagen

Ein billett som er like fleksibel som arbeidsveka di – for deg som pendlar med tog mellom heimekontor og jobb, eller til og frå skule.

En hånd som holder en mobil med Smartpris på skjermen

Smartpris – kort fortalt

  • Prisen blir lågare di meir du reiser.
  • Du får rabatt på enkeltbillettar mellom to faste stasjonar i løpet av ein 30-dagersperiode.
  • Du får Smartpris i Vy-appen.
  • Du kan følge med på opptent rabatt og gjenståande dagar.

Meir fleksibilitet og lågare pris

Smartpris gjev deg fleksibilitet i kvardagen, og prisen blir lågare di meir du reiser mellom to stasjonar i løpet av ein periode på 30 dagar.

Smartpris er for deg som pendlar med tog mellom to faste togstasjonar, der minst éin av stasjonane du reiser frå/til er utanfor takstområdet til Ruter. Smartpris gjeld for togreiser med Vy på heile Austlandet.

Når du aktiverer Smartpris i Vy-appen, får du rabatt på enkeltbillettane du kjøper innanfor ein 30-dagars periode. Pendlar du mykje, aukar rabatten. Og i løpet av perioden betalar du aldri meir enn prisen for ein vanleg 30-dagars Vy-periodebillett.

Kvifor velja Smartpris?

  • Meir fleksibilitet – du betaler berre for dagane du faktisk reiser.
  • Lågare pris over tid – særleg for deg som ikkje pendlar kvar dag.
  • Full oversikt – du ser all rabatt og framdrift i Vy-appen.
  • Inga bindingstid – Smartpris gir deg full fleksibilitet.
Illustrasjon som viser Smartpris-sonen.

Smartpris gjeld for togreiser med Vy på heile Austlandet.

Småbarnsfar som pendler.
«Eit par gonger i veka køyrer eg bil til jobb, men elles tek eg toget. No med Smartpris betaler eg berre for dei togturane eg faktisk tek – og endar opp med å spare fleire hundrelappar i månaden,» seier Halvor (44), pendlar og småbarnspappa.

Bestill reisa di i dag

Slik får du Smartpris

  • Du kjøper ein Enkeltbillett for ein togreise frå stasjon A til B i Vy-appen.
  • Om Smartpris er tilgjengeleg for strekninga di, vil du få opp eit val om at du kan aktivere Smartpris, før du skal betale enkeltbilletten din.
  • Når du har aktivert Smartpris, varer perioden i 30 dagar. Etter at han går ut, startar ein ny periode automatisk neste gong du kjøper ein Enkeltbillett.
  • Når du har starta ein Smartprisperiode, vil reiser som kvalifiserer til Smartpris bli merka med Smartprissymbolet.

Slik fungerar rabatten

  • Du får meir rabatt di meir du reisar.
  • Når du har kjøpt billettar for tilsvarande sum som periodebilletten, vil dei neste kjøpa du gjer med Smartpris vere gratis.
  • Du får rabatt når du kjøper billett for heile eller delar av strekninga.
  • Reiser mellom dei to faste stasjonane gir meir rabatt per reise, medan ei kortare strekning gjer litt lågare rabatt – men framleis rabatt.

Følg med på opptent rabatt

Du finn din aktive Smartpris-avtale i «Billett»-skjermen i Vy-appen, med oversikt over reisene dine, opptent rabatt og gjenståande dagar.

Smartpris i Oslo

I Oslo kan du velge om du vil bruke Oslo S eller Nationaltheatret som til/fra-stasjon i Smartprisperioden, da begge stasjonene regnes som én stasjon.

Kven kan bruke Smartpris?

  • Reisande innanfor billettkategoriane Student (inntil 30 år) og Vaksen som kjøper billett i Vy-appen kan aktivere Smartpris.
  • Smartpris er tilgjengeleg for deg som reiser mellom to faste stasjonar der minst éin ligg utanfor Ruters soner. Smartpris gjeld ikkje viss begge stasjonane du reiser frå og til ligg innanfor Ruters soner.
  • Deg som ønsker ein meir fleksibel og rettferdig prisordning.
  • Du kan få Smartpris òg når du reiser med togbyte undervegs.
Mann som pendler.
«Eg liker å ha kontroll. I appen ser eg kor mykje rabatt eg har tent opp, og kor mange dagar som er igjen. Det er utruleg enkelt,» seier Miguel (49), deltidspendlar.

Smartpris vs. periodebillett – sjå forskjellen (12 reiser/mnd)

Strekning
Periodebillett
Smartpris
Penger spart
Oslo–Drammen1 853 kr1 328 kr525 kr
Oslo–Moss2 331 kr1 754 kr577 kr

Ofte stilte spørsmål om Smartpris

Rabattar

Student som pendler.
«Eg er student, og månadskort var rett og slett for dyrt i forhold til kor lite eg brukte det. Smartpris passar perfekt – det er rettferdig pris for faktisk bruk,» fortel Celine (20), student.

Område for Smartpris

Eit pendlartog.

Reiser du ofte?

Reiser du ofte kan det heller løne seg å kjøpe Periodebillett. Billetten gjeld for reiser i begge retningar på strekninga og for eit uavgrensa tal reiser innanfor 24 timar eller 7, 30 eller 365 dagar.

Les meir om Periodebillett