Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Barnet mitt skal reise åleine på toget. Korleis fungerer det?

Vi tilbyr ikkje reiseassistanse til barn som reiser åleine. Personalet om bord på toga har dessverre ikkje høve til å ta seg av barn som reiser åleine, derfor er det viktig at barna er modne nok til å klara seg åleine. Personalet har heller ingen lovpålagd plikt til å ta spesielt vare på barnet ditt under reisa.

Vi har ikkje ei nedre aldersgrense for barn som reiser utan følge med vaksne. Det er derfor opp til foreldre å avgjere om eit barn er skikka eller ikkje, teke i betraktning at uventa hendingar kan skje.

Hugs at barna må kunna vise gyldig billett for heile reisa.

Nokre råd for reisa

  • Førebu barna på kva det vil seia å reise åleine.
  • Lag avtaler for kva barna skal gjere om det oppstår noko på reisa.
  • Ha fullada mobiltelefon med rette mobilnummer.
  • Vêr tilgjengeleg for barnet undervegs og når toget kjem fram.
  • Reis gjerne saman med barnet dei første gongene slik at både barn og vaksne blir trygge.