Får barnet mitt barnesete viss vi må ta buss for tog?
Alle bussar som køyrer for oss, er registrert etter 15. september 2012, som betyr at dei ikkje har krav om eige sikringsutstyr til barn under 3 år. Barn over 3 år skal bruka ordinært bilbelte på eigna måte.
Vi tilrår at du tek med eige sikringsutstyr til barnet ditt. Dersom det ikkje er mogleg, kan du kontakte ein kunderettleiar på stasjonen for å finne ut om bussen har barnesete. Om den ikkje har det, bestiller vi ein drosje med naudsynt sikringsutstyr – men merk at det kan ta litt tid å få dette på plass.
Sjå Statens vegvesen for fleire detaljar om sikring av barn i buss.Ekstern lenke
For reiser med RuterEkstern lenke, SkyssEkstern lenke, SJEkstern lenke, GoAheadEkstern lenke og andre transportselskap, gjeld deira reisevilkår. Og i Sverige gjeld andre reglar for å sikra barn i buss.