Kan eg reservere sete om bord?
Bergensbanen
På Bergensbanen er setereservasjon på enkeltbillettar inkludert i prisen. Du kan sjølv velje ønskt sete i eit setekart som ein del av billettkjøpet ditt, med mindre du har kjøpt Lavpris der sete blir tildelt automatisk. Du kan også endre sete sjølv før avgang via Mine sider på vy.no.
Reiser du med Periodebillett på Bergensbanen, må du bestille sete før du går om bord. Det gjer du ved å leggje til ein setereservasjon når du kjøper billett, eller så kan du kjøpe setereservasjon av konduktøren om bord på toget.
Interrail på Bergensbanen
Reiser du med Interrailbillett på Bergensbanen må du bestille sete før du går om bord. Det er obligatorisk plassreservasjon på denne strekninga. Du reserverer sete via kundeservice eller på betente stasjonar.
Regiontog på Austlandet
På nokre avgangar på regionstog kan du kjøpe setereservasjon som eit tillegg til din Enkeltbillett eller til din Periodebillett på dei fleste av strekningane våre. Les meir om setereservasjon på regionstog.
Merk: Nokre gonger må vi endre på setetildelinga (køyreretning, vindauge/midtgang) på grunn av til dømes forskjellar mellom togmodellar. Dette gir ikkje rett til kompensasjon.