Kan eg ta med dyr på bussen?
Av omsyn til medpassasjerar kan vi dessverre ikkje ta med dyr. Vi har ikkje separat transportrom eigna for dyr, og omsynet til medpassasjerar må derfor prioriterast.
Unntak:
- Førarhundar for blinde
- Servicehunder
- Polititjenestehunder saman med politi i uniform
- Redningshunder i teneste eller i opplæring med tenestesele
- På VY1, VY6, FB11, FB12 og FB65 er det lov å ta med hund, katt og mindre dyr
Dyr må fraktast i bur som er godkjent for transport. Billett til dyr kan ikkje kjøpast på nett, men må kjøpast på bussen hos sjåfør.
Reise med dyr til eller frå Sverige
Vi gjer merksam på at dersom du skal reise til eller frå Sverige med dyr, er det viktig at du på førehand set deg godt inn i reglane til tollvesenet slik at du unngår at dyret blir sett i karantene.
Hunder må:
- vere ID-merket med chip med unikt ID-nummer
- ha eige pass som viser ID-nummeret til hunden
- ha dokumentert behandling mot revens dvergbandorm