Kva kan reisekort brukast til? Du kan bruka reisekort til å kjøpa enkelt- og periodebillett for reiser med togoperatørane i Noreg, i tillegg til reiser innanfor Ruters takstområde.
Kan eg ha billettar på eit reisekort? Eit reisekort kan innehalde inntil 8 billettar. Det kan berre ligge to periodebillettar frå same operatør i kortet av gongen, og då må eit av desse vere aktiverte. Billettar på reisekort må aktiverast før bruk – dette kan gjerast på billettautomat, betjent stasjon eller om bord på toget.
Kvar kjøper eg billettar på reisekort? Du kan kjøpe billettar på reisekort på betente stasjonar eller på billettautomat.
Korleis fyller eg på pengar på reisekortet? Du kan fylle på pengar på reisekortet som kan brukast til å kjøpe billettar, hos Ruters betente servicepunkt.
Les om personvern og reisekort.