Toget mitt vart forseinka – kva erstaning har eg krav på og korleis søker eg om dette?
Du har rett til å få 50 prosent av billettprisen refundert ved:
- Forseinking på over éin time med Vys tog Oslo–Bergen og Flåm–Myrdal.
- Forseinking på over 30 minutt på alle andre Vy-tog.
Reisande med periodebillett blir gitt refusjon for billettprisen etter same prinsipp som nemnt ovanfor, men delt på talet på dagar periodebilletten er gyldig for. Maksimal samla refusjon for ein periodebillett er avgrensa oppover til 50 prosent av kjøpsprisen for billetten.
Du kan ikkje kreve refusjon av billettprisen dersom du vart varsla om forseinkingar på 30 minutt/éin time (sjå regel over) før billetten vart kjøpt.
I situasjonar der du må bruke alternativ transport eller får andre utgifter i samband med forseinking eller kansellering av tog, kan du få refundert heile eller deler av utlegga.
Viss du skal søke om erstatning eller prisavslag, må du senda eit skriftleg krav med vedlagd dokumentasjon innan 3 månader etter reisedatoen.