Tilkomst på bussen
Reisande med nedsett funksjonsevne har rett til å reise med bussane våre, så langt det er praktisk mogleg.

Reiser du med rullestol?
Du kan kjøpe ein vanleg billett på vy.no eller i Vy-appen. Vi ønskjer at du melder frå til kundeservice seinast 36 timar før avgang, dersom du reiser med ein rullestol som ikkje skal fraktast i bagasjerommet. Dette er for å sikre at bussen er klargjort for rullestol. Ved seinare beskjed vil vi, så langt det er praktisk mogleg, gjere det vi kan for å klargjere bussen for rullestol.

Har du for stor eller tung rullestol?
Av omsyn til tryggleiken og den fysiske utforminga til bussen, kan rullestolen ikkje overstige desse måla: Lengd 120 cm, breidd 70 cm, høgd 109 cm og totalvekt på 300 kg, inkludert deg.