Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Geilo – Eit allsidig skieventyr for alle

Utforsk Geilo, eit skieldorado som har tiltrekt seg skiløparar sidan 1909. Plassert sentralt mellom Oslo og Bergen, tilbyr Geilo ei unik blanding av historisk sjarm og toppmoderne skianlegg i eit spektakulært fjelllandskap. Her finn du all informasjonen du treng om kollektivtilbod, oversikt over bakkane og restaurantar.

Folk i skiheisen på veg oppover bakken med Vestlia i bakgrunnen.

Foto: Visit Geilo

Enormt skianlegg med gratis skibuss

Den populære alpinbygda Geilo hadde i 1954 den første skiheisen, og sidan då har Geilo blitt sett på som ein internasjonal skidestinasjon. SkiGeilo tilbyr ei rekkje løyper og fasilitetar: Over 40 nedfartar med varierande vanskegrad og 20 heisar for effektiv transport i bakkane. Det er løyper for nybyrjarar, vidarekomne og erfarne.

Toget står på Geilostasjon og menneske går av og på

Foto: Visit Geilo

Korleis kome seg til Geilo med tog og buss

Geilo er lett tilgjengeleg med kollektivtransport. Bergensbanen stoppar på Geilo stasjon, med avgangar frå både Oslo og Bergen. Frå stasjonen er det berre elleve minutts gange bort til Slaata Skisenter. Togturen tek omtrent 3,5 timar frå Oslo og 3 timar frå Bergen. På toget er det god plass til skiutstyr i vogn nummer fem.

Med Vy buss går det Vy express til Geilo, som kan vere eit godt alternativ, særleg om du reiser frå stader som ikkje har direkte togsamband. I bussen er det mykje bagasjeplass og høg komfort på seta som gjer bussturen til ei god reiseoppleving. Ekspressbussen stoppar også på Geilo stasjon.

Ved å velje kollektivtransport til Geilo, bidreg du ikkje berre til ei meir miljøvenleg reise, men du kan også nyte den vakre utsikta undervegs utan å bekymre deg for køyring og parkering.

Bestill reisa di til skieventyret i Geilo

Folk står og kikkar på kart over alle løypene skianlegget har.
Freestyle på rails i bakkane med alpinski.
Person som triksar på ski i lufta.
Person køyrer snowboard nedover skibakken.
Person i høg fart nedover skibakken.

Foto: Visit Geilo

Løyper, parkar, skiskule og langrenn

På Geilo finn du løyper som er tilpassa alle nivå og aldrar. Her finn du oversikt over dei ulike tilboda og bakkane på Geilo.

Fargekoder på løypene i bakken

🟢 Grøne løyper: Perfekte for nybyrjarar og barn.

🔵 Blå løyper: For dei som er komfortable på ski og ønskjer litt meir utfordring.

🔴 Raude løyper: For erfarne skiløparar som likar brattare og meir krevjande terreng.

⚫ Svarte løyper: For ekspertar som søkjer dei største utfordringane.

⁠​Terrengparkar: Geiloparken og Slaataparken

I begge bakkane finn du eit godt parktilbod for deg som vil få eit ekstra adrenalinkick. Tidlegare X-games vinnar Andreas Håtveit er med på å setje opp parkane for å kunne gje eit rått tilbod til både nybyrjarar og proffe.

I Geiloparken er det to område for ulike nivå og utfordringar, Kikut og Vestlia. Kikut har løyper for nivå grøn, blå og raud. Det er små hopp, morosame boksar og kuler, samt større rails og hopp. Vestlia ligg nærast kafeen og restauranten, og her finn du dei største hoppa. Nivåa er raud og svart, så her får ein verkeleg øvd seg dersom ein er erfaren. Det er kveldskøyring med godt lys i denne bakken.

Slaatparken har nivå tilpassa grøne og blå vanskegradar. Parken har eit godt utval av hopp og rails i varierande vanskegrad, som er morosamt for både store og små. Her er det også barneområde med mindre hopp og terrengbølgjer for dei minste. Parken er open for kveldskøyring.

Skiskular for nybyrjarar og erfarne

Person som går langrenn i spektakulært fjelllandskap.
Skitur på langrenn med to menneske i fjellet.
Eit par sit i solveggen med skia ved sida av og nyt fjellutsikta.

Foto: Visit Geilo

Langrennsløyper

Mat og drikke i bakken

Deileg vaffelhjarte med rømme og syltetøy ute i sola.

Foto: Visit Geilo