Guide til Gudvangen
Gudvangen er kjend som Noregs vikinglandsby. Plassert inst i den vakre Nærøyfjorden er bygda ein flott stad å reise til for familier, grupper og enkeltpersonar.
Det er mykje å finne på i den vesle bygda – frå sightseeing til utandørsaktivitetar og djupdykk i den rike vikingarven.
Interessert i ein tur? Med denne komplette guiden til Gudvangen får du vite alt du treng om korleis du reiser hit og kva du kan gjere når du kjem fram.

Slik reiser du til bygda Gudvangen
Når du kjem til Noreg (Oslo) er det 240 km til Gudvangen, og slik reiser du dit:
Tog og buss
Du kan ta eit Vy-tog frå Oslo sentralstasjon til Gudvangen. I gjennomsnitt tek reisa ca. 9 timar – men det kan også ta mykje lengre tid avhengig av ventetider mellom byta. Du må ta tog og deretter byte til buss. Sjekk ut detaljar i reisesøket vårt.
Ta F4 Bergen og gå av på Voss togstasjon. Togreisa tek om lag seks timar. Deretter tek du bussen VY450 mot Sogndal og går av på Gudvangen E16. Bussturen til Gudvangen har 55 stopp og tek om lag 50 minutt.
Sjekk buss- og togbillettar til Gudvangen
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken


Foto: Fjord Norge/Gjertrud Coutinho, Vy
Ting å gjere i Gudvangen
Det er mykje du kan gjere i den vakre naturen og miljløet i bygda Gudvangen. Det er ein utruleg flott stad for deg som vil utforske vikinghistoria eller det fantastiske norske villmarkslivet.
Her er ei liste over morsosame ting du kan gjere i Gudvangen
Kajakkpadling i GudvangenEkstern lenke
Ta deg ein kajakktur på Nærøyfjorden som står på UNESCOSs verdsarvliste, og ta inn den fantastiske utsikta mot høge fjell og stupande fossefall. Skap minne du aldri gløymer når du padlar langs eit av dei vakraste fjordområda i Noreg.
Om du tek padleturen tidleg eller midt på våren, kan du til og med oppleve snøskred som kjem deisande ned dei bratte fjellsidene. Kajakkpadling i Gudvangen passar godt for familier eller grupper, og du kan velje mellom halvdagsturar eller heildagsturar.
Sykling i Gudvangen
Få opp pulsen på ein spennande sykkeltur gjennom bygda Gudvangen. På denne utflukta syklar du langs Nærøyfjorden, med kjende landemerke som den imponerande Tvindefossen, Nærøydalen og Flåmsbana. Andre populære ruter er den lengste og mest kjende terrengsykkelstien i området, Gudvangen Rundt – som er målt til å vere 10,8 km lang.
Vandring i Gudvangen
Turane i Gudvangen varierer i lengd frå rundt åtte timar til ein time. Anten du er ny turgåar eller er van til å knyte støvlane, finn du noko som passar deg.
Sightseeing
Ein tur til bygda Gudvangen er ikkje fullstendig utan litt sightseeing. Her er nokre av dei mest populære stadene du kan utforske:

FjordsafariEkstern lenke
Om du er ute etter eit ekte fjordeventyr kan du dra på fjordsafari. I turen frå Gudvangen til Flåm opplever du UNESCO-lista Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, med stopp i Undredal for smaking av prisvinnande geitostar. Alt nødvendig utstyr som flytedrakt og redningsvest er inkludert.
Du kan også ta bussen (reisetid 12 minutt) frå Gudvangen til Flåm. Der kan du ta ein «fjordsafari» og utforska faunaen, floraen og historia til området.
Ta deg god tid og smak på nokre av dei fantastiske lokale og kortreiste produkta – inkludert den særeigne geitosten.

Vikingbyen Njardarheim VikingbyenEkstern lenke
Vikinglandsbyen i Gudvangen er kanskje ein av dei mest populære aktivitetane i Gudvangen. Reis til vikingdalen, kjøp ein billett og lær om den lokale vikinghistoria i ei gjenskaping av fortida.
Ta eit djupdykk i historia og høyr på framføringane og den fengslande historieforteljinga. Kjem du om sommaren? Ikkje gå glipp av Gudvangen Vikingmarked der du får oppleve handverk frå vikingtida, rekonstruksjonar av kampar og dans.
Hoteller i Gudvangen
Leitar du etter ein triveleg stad du kan kvile hovudet medan du er i Gudvangen? Sjå nærare på desse hotella.
Gudvangen Fjordtell
Dette hotellet ligg i Nærøyfjorden, og er det ideelt som base når du skal alle attraksjonane og aktivitetane bygda Gudvangen har å tilby. Hotellet har 3 stjerner, og har enkel tilgang til båtturane. Det er mange fasilitetar på staden, inkludert fem restaurantar med lokal, norsk mat, ein kafeteria, ein velfylt bar og ein suvenirbutikk.
Start eventyret ditt i dag, og bestill oppholdet på Gudvangen FjordtellGudvangen Budget Hotel
Dette kostnadseffektive hotellet ligg berre nokre få minutt frå hovudaktivitetane i bygda og er omkransa av det velkjende fjordlandskapet. Med komfortable og koselege rom, ein nydeleg hage og gratis internett, er denne innkvarteringa perfekt for deg som reiser på budsjett. Dei serverer ikkje mat, men du kan gå tre minutt og kjøpe mat og drikke på nabohotellet Gudvangen Fjordtell.
Spar pengane til det som betyr mest når du bestiller eit rom på Gudvangen Budget Hotel