Familierabatt i sommar
I perioden 13. juni–31. august kan éin voksen med gyldig billett ta med seg inntil to barn i alderen 6–17 år gratis på laurdagar og søndagar. Grip sjansen til å skape uforgløymelege sommarminne med heile familien om bord på toget!

Når gjeld rabatten?
Familierabatten gjeld på alle Vys tog på Austlandet inkludert til Göteborg og på Gjøvikbanen.
Tilbodet er gyldig når du kjøper Enkeltbillett, Lavprisbillett eller Periodebillett.
Voksen inkluderer også passasjerkategoriane honnør, student og militær så lenge denne personen er over 18 år.
Det er ikkje mogleg å bestille setereservasjon ved bruk av familierabatten.
Familierabatten er ikkje tilgjengeleg på Bergensbanen.
Her kan du reise med familierabatten i sommar
Ofte stilte spørsmål om familierabatt
Teknisk løysing er ikkje på plass for Periodebillett. Derfor gjeld same løysing som for Ruter: den vaksne kan ta med to barn gratis utan å registrere dei.
Det er ikkje mogleg å kombinere setereservasjon med familierabatten. Ønskjer du å reservere sete, må du kjøpa ordinære billettar utan familierabatt.
Ja, så lenge den vaksne har gyldig billett.
Alle stasjonar på Austlandet, frå Göteborg og på Gjøvikbanen der Vy køyrer toga, men reisa må anten starte eller slutte utanfor Ruters soner.
Familierabatten er ikkje tilgjengeleg på Bergensbanen.
Då betaler du éin voksen Enkeltbillett, medan alle dei tre barna reiser gratis.
Frå barn nummer tre betaler du vanleg barnepris, altså 50 % av Enkeltbillett.
Nei, personen som tek med barn gratis må vere fylt 18 år.
Ja, så lenge dei er over 18 år og har gyldig billett for den aktuelle strekninga.
Dei får ikkje kontrollgebyr så lenge barna reiser saman med ein voksen med gyldig billett.
Du kan kjøpe billett med familierabatt i alle Vys salskanalar. Ved sal om bord i toget kjem ordinært ombordgebyr.
Viss du har kjøpt ein fullt fleksibel billett kan denne refunderast etter gjeldande reglar. Viss du har kjøpt Lavpris er denne billetten ikkje refunderbar eller endringsbar.



