Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Bli med Magnus på tidenes togreise i sommar

Då familien skulle på sydenferie, og hunden Magnus måtte bli att på kennel, valde vi å overraske Magnus med å sende han på tidenes ferie. Han fekk bli med oss på togreise og oppleve alt det vakre og morosame sommar-Noreg har å by på. Bli med hunden Magnus på toget og la deg inspirere til fine turar til fjell, strand og by.

Kvinne med hund i Flåm

Sjå heile reisa og ta ein titt på våre beste tips til togreisa eller bussturen i sommar. Opplev Noreg på sitt vakraste du òg, og gjer norgesferien til ein ferie du seint vil gløyme. Anten du reiser med barn, vener eller åleine, finn du inspirasjon til dei beste reisene her.

  • Watch on YouTube

    Bli litt betre kjend med Magnus

    • Magnus er 6 år gammal og av rasen Nova Scotia Duck Tolling Retriever (toller).
    • Opptaket er gjort med ein ekte familie. Berre mor visste at Magnus ikkje skulle på kennel, for å få mest mogleg autentiske reaksjonar.
    • På settet hadde Magnus eigen hundepassar som sørgde for at han blei tatt godt vare på gjennom heile innspelinga.
    • Tolleren er ein mellomstor, aktiv og intelligent hund med opphav frå Canada, opphavleg avla for å lokke og apportere ender.
    • Fun fact: Som den stjerna han er, kravde Magnus både tolmod, eigne pausar – og rikeleg med leverpostei på settet. Etter fire dagar med filming, haugevis av mini-leverposteiboksar og tett oppfølging frå hundetrenar, blei Magnus levert tilbake til familien som litt meir lydig, men framleis like sjarmerande.
  • Noreg i alle retningar

    Reis med tog eller buss i sommar, og opplev fantastiske destinasjonar og natur.

    People walking up a mountain with a blue fjord in the background.

    Opplev Sør- og Vestlandet

    Utvalde destinasjonar

    The Twist på Kistefos Museum - en moderne bygning som er delvis over vannet

    Kistefos og Hadeland glassverk

    Opplev to av dei mest interessante musea i Noreg for samtidskunst på denne spanande dagsutflukta frå Oslo. Fantastiske kunstopplevingar i spektakulære omgjevnader!

    Nyttig info

    Greit å vite før togreisa

    Lurar du på om du kan ta med sykkelen din, nyte eit godt måltid om bord eller få tilgang til trådlaust nett? Her får du litt praktisk informasjon for reisa.

    Planlegg reisa di i sommar