Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Tog til og frå Voss

Med tog til Voss blir reisa ei oppleving i seg sjølv. Bergensbanen blir rekna som ein av dei vakraste togturane i landet, og tar deg gjennom flott natur!

Gondolbanen på Voss svever over byen, med vannet og fjell i bakgrunnen.

Ta toget til Voss

Kva tenkjer du når du høyrer «Voss»? Sjansen er stor for at du tenkjer på adrenalin, fart, og ekstreme opplevingar. Det er ikkje rart, for få stader kan by på så mykje variert som nettopp Voss. Toget stoppar på Voss stasjon, midt i sentrum for ekstremsport og naturopplevingar.

Frå Voss stasjon er fleire hotell eit steinkast unna. Det same gjeld for dei mange restaurantane og barane i bygda. I gåavstand frå togstasjonen ligg også busstasjonen som er ein fin og billeg måte å reise til mange av attraksjonane på.

Ting å gjere i Voss

Lista over aktivitetar på Voss er lang. Kva med alpint, rafting, sykling, fallskjermhopp eller fosserappellering? I tillegg har Voss Noregs einaste vertikale, resirkulerande vindtunnel, Voss Vind, der du kan kjenne på kjensla av fritt fall – utan fallskjerm. Med andre ord, likar du spenning bør du reise med tog til Voss.

Det er nesten eit botnlaust tilbod av aktivitetar å bruke pengar på i Voss, men det er enkelt å gjere reisa billeg. Naturopplevingar er gratis, og togbillettane er ofte billege om ein bestiller i god tid.

Ekstreme opplevingar ein togtur unna

Kvar sommar blir Ekstremsportveko arrangert, og nytt i år er ein ny gondolbane som tar deg rett til fjells. Fjellet byd på utsikt over den vakre bygda. Toppstasjonen til gondolen ligg 820 meter over havet, og reisa til toppen tar berre så vidt sju minutt!

Kulinariske Voss

Voss er kjent for god mat og drikke, og heilt sidan Vikingtida har ølbrygging vore ein sterk tradisjon her. Kva med å dra på ølsmaking på dei lokale barane, eller kanskje vil du driste deg til å smake på den mykje omtala nasjonalretten smalahove?