Medlemsvilkår for fordelsprogrammet Grøn Reise
Grøn Reise er eit valfritt og kostnadsfritt fordelsprogram der medlemene kan få tilbod før andre, ekstra funksjonalitet og innhald, og andre fordelar.
1. Medlemskap og personopplysningar
- Grøn Reise er eit gratis fordelsprogram for deg som er privatkunde av Vy.
- Medlemskapen i Grøn Reise krev ein profil hos Vy, er personleg og kan ikkje overdragast til andre, og du må ha fylt 16 år for å vere medlem.
- Når du blir medlem aksepterer du medlemsvilkåra. Mellom anna at behandlinga av dine personopplysningar er naudsynte i avtalen mellom oss for at du skal få fordelane osb. i programmet Grøn Reise. Les meir i vår personvernerklæring.
- Du kan berre ha ein medlemskap i Grøn Reise.
- For å sikre korrekt identitet kan Vy krevje stadfesting av mobilnummer og e-post.
2. Kommunikasjon frå Grøn Reise
- Så lenge du er medlem kan Vy kommunisere med deg på e-post, SMS eller pushmelding i Vy-appen for å:
- gi deg nyheiter, tilbod, reisetips og annan tilpassa informasjon frå Vy.
- administrere medlemskapen.
- oppdatere deg om fordelsprogrammet og fordelar frå samarbeidspartnarar.
3. Min profil
- Du finn samtykka dine og registrerte opplysningar, samt opplysningar om reiser og miljøbidrag, når du er logga inn i Vy sine digitale kanalar.
- I «Min profil» kan du endre opplysningar som namn, adresse, telefon, e-post og fødselsdato.
4. Endringar i fordelsprogrammet
- Vy reserverer seg retten til å kunne endre vilkåra for Grøn Reise eller avvikle fordelsprogrammet. Vy vil informere om eventuelle endringar av medlemsvilkåra på e-post, i Vy-appen og på vy.no. Dei til ei kvar tid gjeldande vilkåra vil vere tilgjengelege på vy.no/gron-reise.
- Om vilkåra blir endra på ein slik måte av det krev samtykke frå deg, og du ikkje ønskjer å gje slikt samtykke, reserverer Vy seg retten til å avslutte medlemskapen din.
5. Avslutte medlemskap i Grøn Reise
- Du kan kva tid som helst avslutte medlemskapen under «Min profil». Vy har rett til å avslutte medlemskapen din, til dømes ved mistanke om at medlemskapen blir misbrukt eller brukt på ulovleg vis, eller om Vy avviklar fordelsprogrammet.
6. Andre vilkår
- Vy arbeider etter å tilby fordelane og innhaldet i fordelsprogrammet til ei kvar tid, men tek ikkje ansvar for manglande tilbod ved uføresette hendingar.
- Vygruppen AS har organisasjonsnummer 984 661 177. I tilfelle av ein mogleg tvist om vilkåra til Grøn Reise, skal norsk lov gjelde. Tvistar avgjerast ved norske domstolar. Oslo tingrett er verneting.