Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Personvernerklæring for Grøn Reise

Her finn du informasjon om kva personopplysningar som blir behandla og korleis dei blir behandla når du er medlem av Grøn Reise.

Fordelsprogrammet Grøn Reise

Føremålet med behandlinga

Som medlem av Grøn Reise vil du motta nyhende, tilbod og annan tilpassa informasjon frå oss.

Personopplysningar som blir behandla

Til marknadsføringa kan vi bruke opplysningar som namn, kontaktinformasjon, kundenummer, betalingsinformasjon, samt søkje-, kjøps- og reisehistorikk og korleis du brukar produkta og tenestene våre.

Miljøutrekning

I Grøn Reise i Vy-appen kan du sjå kor mykje CO2 du har brukt og spart ved å reise med oss i inneverande år. Vi brukar kundenummeret ditt, ordrenummer og informasjon om dine fullførte reiser samt transportmiddel for å rekne ut miljøbidraget ditt. Grunnlaget for utrekninga lagrast internt hos oss.

Profilering

I Grøn Reise ønskjer vi å gje deg best mogleg tilpassa innhald og fordelar. Difor profilerer vi kundane våre og bruker kategorisering som til dømes at du reiser ofte, nyttar tilboda i programmet osv.

Rettsleg grunnlag

Det rettslege grunnlaget vi har til å behandle personopplysningane dine er samtykket ditt.

Underhaldning

Som medlem i Grøn Reise får du tilgang til underhaldningsinnhald i Vy-appen, inkludert utvalde aviser, lydbøker og magasiner. Vi deler anonyme data om talet på nedlastingar med leverandørane våre og konsernselskap for å vidareutvikle tenestene våre og gjere analysar av slike data.

Avmelding

Sjå også: