Personvernerklæring for kunde- og marknadsundersøkingar
Her finn du informasjon om kva personopplysningar som blir behandla og korleis dei blir behandla når vi gjer kunde- og marknadsundersøkingar.
Korleis gjer Vy kunde- og marknadsundersøkingar
Vi jobbar med å forbetre tenestene våre, og tilbakemeldingane og innspela dine er viktige for oss. Difor gjennomfører vi marknadsundersøkingar som vi sender ut når reisa di er over. Vi kontakt også med kundar direkte for å høyre kva dei tykkjer om tenestene våre. Det er frivillig å delta i undersøkingane.
Persondata vi behandlar i appen
For å gjennomføre kundeundersøkingar, brukar vi personopplysningar for å velje ut kven vi skal kontakte. Dette kan inkludere namn, kontaktinfo, kundenummer, fødselsdato, saksinformasjon, samt søkje-, sals- og reisehistorikk og korleis du brukar produkta og tenestene våre.
Rettsleg grunnlag
For å kunne gje deg forbetra og nye tenester har vi ei kvalifisert interesse av å gjennomføre slike undersøkingar.