Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Personvernerklæring for Vy-profil

Her finn du informasjon om kva personopplysningar som blir behandla og korleis dei blir behandla når du opprettar og bruker ein Vy-profil.

Kva er ein Vy-Profil?

Ved å opprette ein Vy-profil kan du bruke profilen på tvers av einingar. Dette gjer det òg mogleg å behalde kjøpshistorikken din i appen, og leggje til favorittstrekningar, faste varslar om avvik i togtrafikken osv.

Oppretting og administrasjon av Vy-profil

For å opprette ein Vy-profil treng vi følgjande personopplysningar:

  • Namn - blir brukt for å fylle ut billettar og verifisere brukaren din.
  • E-post - blir brukt for å verifisere brukaren din og for å sende ut PDF-bilettar og kvitteringar.
  • Telefonnummer - blir brukt til å verifisere brukaren din.

Du kan òg gje opp fleire, valfrie, opplysningar som kan vere med på å gje deg ei betre brukaroppleving, til dømes:

  • betalingsinformasjon: gjer det lettare for deg når du betalar for ei teneste
  • favorittstrekningar: gjev raskare tilgang til informasjon om dei vanlege reisene dine
  • familie og vener: forenklar utfylling av informasjon for dei du reiser ofte med
  • stadene mine

Det rettslege grunnlaget vi har til å behandle personopplysningane dine er samtykket ditt.

Aldergrense

For å opprette ein Vy-profil må du har fylt 13 år.

Rettar og behandlingsansvarleg

Kva brukast personopplysningane til?

Personopplysningane brukast hovudsakleg til å tilby deg tenester frå Vy og andre samarbeidspartnarar, gje deg god kundeservice eller refusjon/erstatning der du har krav på det. Nedanfor følgjer ei liste av ulike behandlingsaktivitetar, og kva opplysningar vi kan behandle for kvar enkelt aktivitet.

Kjøp og endring av billettar og reisetenester

Når du kjøper ein billett, eller andre reisetenester hos oss, inngår vi ein avtale med deg. For å kunne oppfylle vår del av avtalen må vi ha informasjon om deg og det du har kjøpt. For at du sjølv skal kunne administrere ei reise du har kjøpt, behandlar vi opplysningar om dine aktive, pågående og planlagde reiser.

Utsending av relevant reiseinformasjon

Deling av personopplysningar

Vi deler berre personopplysningane dine i følgjande tilfelle:

  • Med tredjepartar, når ein del av bestillinga omfattar tenester som blir leverte av ein tredjepart, som t.d. andre operatørar og/eller leverandørar av transporttenester som blir selde eller formidla gjennom kanalane våre.
  • Med tredjepartsleverandørar som utfører oppgåver eller arbeid på vegner av eller instruks frå oss, og for dei føremåla som er gjevne opp i denne personvernerklæringa, slik som t.d. systemleverandørar og leverandør av betalingstenester.
  • Med offentleg styresmakt når det er påkravd i samsvar med lov eller rettskraftig vedtak frå styresmakt.

Vi kan også dele aggregerte data – det vil seie data som ikkje kan knytast til enkeltpersonar – med forretningspartnarane våre og konsernselskap for å vidareutvikle tenestene våre og drive analyse på slike data.

Profilering

Vi brukar også opplysningane til å betre tenestene våre og til å kunne tilby deg tenester spesielt tilpassa deg, slik at du skal få ei best mogleg oppleving hos oss. Vi har velgrunna interesse for denne behandlinga.

Lagring og sletting av personopplysningar

Vi lagrar ikkje personopplysningane dine lenger enn naudsynt. Vi lagrar profilopplysningane dine så lenge du har eit aktivt kundetilhøve til oss. Om du ikkje brukar Vy-profilen din på tre år, vil han automatisk bli sletta.

Kjøps- og reisehistorikk slettast normalt etter 410 dagar. Lagring av opplysningar om kjøps- og reisehistorikk i denne perioden er naudsynt for å kunne ivareta interessene våre ved ei eventuell klagesak.

I somme tilfelle kan vi behalde opplysningar utover dette der det er naudsynt for å vareta interessa vår i ei klagesak eller vi er pålagde det etter rekneskaps- og bokføringslovgjevinga.

Konsernkunderegister

Kortversjon

Vy er eit konsern som består av fleire selskap som jobbar saman. Difor ønskjer vi å dele brukarinformasjonen din mellom selskapa for å gjere det lettare for deg og oss om du ønskjer å reise med til dømes tog og buss.

Lengre versjon

Vygruppen er eit mobilitetskonsern med fleire selskap som har eit sams konsernkunderegister.

Vygruppen består av:

  • Vygruppen AS
  • Vy Tog AS
  • Vy Buss AS
  • Vy Gjøvikbanen AS
  • Vy Mobility AS
  • Vy Tåg AB
  • Vy Buss AB

Føremålet med konsernkunderegisteret er å administrere kundetilhøvet og samordne tilbodet av tenester frå dei ulike selskapa i konsernet.

Konsernkunderegisteret inneheld alminnelege opplysningar om deg, som namn, kontaktinfo, kundenummer, betalingsinformasjon samt søkje-, sals- og reisehistorikk og korleis du brukar produkta og tenestene våre.

Vy har ei kvalifisert interesse i å administrere kundetilhøvet og samordne tilbodet av tenester frå dei ulike selskapa våre.

Selskapa i Vygruppen har eit sams behandlingsansvar for opplysningane i registeret.

Sjå også: