Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Vilkår for bestilling av taxi

Her finn du vilkåra for deg som bestiller taxitenester i Vy-appen.

Taxi ved forseinka eller innstilt tog

Les om rettane dine med omsyn til taxi ved forseinking/innstilling.

Vilkåra

Vilkåra sine verkeområde

Vilkåra gjeld som avtale mellom deg som kunde og Vy som formidlar av taxitenester.

Definisjonar

Med Vy forstår ein her Vygruppen AS.

Med Taxiselskapet forstår ein her alle taxiselskap som tilbyd tenestene sine i Vy-appen.

Med Kunde forstå ein deg som bestiller i Vy-appen.

Bestilling

  • Du bestiller taxi i Vy-appen ved å velje «Bestill taxi» på framsida. Du gjev opp hentestad og destinasjon. Du får sjå pristilbod frå taxiselskap Vy har avtale med i dette området. Du vel eit av tilboda, stadfestar bestillinga og betalar med Vipps.
  • Når betalinga er gjennomført i Vipps sender vi bestillinga di til valt taxiselskap. Om bestillinga likevel ikkje går igjennom i Vy-appen, vil vi kansellere betalinga med ein gong og det vil ikkje vere trekt noko frå kontoen din.
  • Du får melding via pushvarsling når ein taxi er tildelt deg og er på veg. Du kan følgje status på bestillinga i appen.
  • Like før taxien kjem fram til deg, får du melding via pushvarsling og ved å følgje status i appen.
  • Det er ansvaret ditt å møte opp slik at sjåføren lett kan finne deg. Du må sjå til at taxinummeret du fekk tildelt i appen matchar med taxinummeret til taxien du set deg inn i.
  • Sjåføren pliktar å vente på deg i fem minutt etter at han kjem fram til hentestad, og skal freiste å kontakte deg innan utløpet av denne ventetida. Om du ikkje møter opp når taxien har kome fram eller i løpet av den påkravde ventetida til sjåføren, trekk vi 99 kr i gebyr og kansellerer resten av betalinga.

Prisen som blir tilbyde i Vy-appen er maksimalpris du skal betale for turen. Vy er ansvarleg for at bestillinga blir vidareformidla til det valde taxiselskapet, at betaling gjennomførast og at kvittering blir skriven ut.

Pris og betaling

Pristilboda du får presentert i Vy-appen er baserte på Taxiselskapet sine listeprisar med ei ruteutrekning frå Google Maps. Somme taxiselskap tilbyd ein rabattsats på listeprisane sine for Vy-kundar.

Du førehandsbetalar for taxituren via Vy-appen. Vy reserverer då maksprisbeløpet som går fram av det valde tilbodet. Så snart taxituren er gjennomført blir beløpet trekt frå kontoen din. Om taksameterpris vart lågare enn pristilbodet (makspris), er det taksameterpris som skal trekkjast frå konto i staden.

Maksprisen er totalpris og inkluderer meirverdiavgift og eventuelle bompengar. Maksprisen vil ikkje gjelde om taxien må vente lenger enn fem minutt etter at han kjem fram på avtalt hentestad ved direktebestilling. Maksprisen gjeld heller ikkje etter fem minutt etter ankomst på avtalt hentestad til avtalt hentetid ved førehandsbestilling. Etter fem minutt ventetid kan du i staden bli trekt gebyr for manglande oppmøte. Om du ønskjer å gjennomføre turen etter gebyr for manglande oppmøte er trekt, må du anten leggje inn ei ny bestilling i Vy-appen eller bestille turen direkte frå taxiselskapet på deira vilkår.

Du vil motta kvittering på e-post når turen er avslutta. Du kan også be sjåføren om ei papirkvittering, om du ønskjer det.

Kansellering av bestilling

Om du vil avbestille turen etter at du er tildelt ein bil, må du kontakte det taxiselskapet du bestilte turen frå. Det er vilkåra til taxiselskapet for kansellering av bestilling som gjeld.

Endring av rute eller stopp undervegs

Når du har gjort ei bestilling av ei oppgjeven rute kan ikkje ruta endrast. Bestillinga inkluderer heller ikkje høve for stopp. Om du ønskjer stopp eller endring av ruta må turen avsluttast av sjåfør og du vil automatisk bli belasta det lågaste av taksameterpris og maksprisen førehandsbetalt i Vy-appen. For eventuell vidare køyring avtalast dette med sjåfør på staden og i samsvar med vilkåra til taxiselskapet.

Særlege behov

Om du har særlege behov, t.d. at du treng barnesete eller tilrettelegging for rullestol, må du kontakte Taxiselskapet direkte for bestilling.

Ansvaret til Vy

Vy er ansvarleg for sjølve formidlinga av taxitenester gjennom Vy-appen, under dette gjennomføringa av bestillinga i kanalen vår, at du får oppdatert og korrekt informasjon om bestillinga di og at oppgjer og eventuell refusjon skjer i samsvar med vilkåra våre for formidlinga.

Vy er ikkje ansvarleg for gjennomføring av reisa etter tildelt taxi eller eventuelle brot på transportvilkåra til Taxiselskapet. Dette er Taxiselskapet sitt ansvar.

Taxiselskapet sitt ansvar

For sjølve transporten med taxi gjeld transportvilkåra til Taxiselskapet.

Avbestilling

Om du vil avbestille turen etter at du er tildelt ein bil må du kontakte det taxiselskapet du bestilte turen hos.

Refusjon

Problem med Vy-appen

Du må setje fram eventuelle krav til Vy skriftleg, utan ugrunna opphald, og seinast innan 3 - tre - månader etter problemet. Kravet skal innehalde ei utgreiing for hendinga i saka og eventuell dokumentasjon (t.d. på eventuelle meirutgifter). Du vil motta svar på førespurnaden din innan fire veker.

Sjå også: