Vy for alle: Velkomen om bord!
Folk er ulike. Nettopp det gjer oss betre rusta til å løyse oppgåvene våre.

«Det er ein tryggleik for alle som jobbar i Vy, at vi viser ei tydeleg og positiv haldning til mangfald», seier Kristin Flagstad, konserndirektør for HR i Vy.
Vy er eit inkluderande selskap der ulikskap og mangfald blir verdsett. I juni markerer vi Pride.
Gjennom fleire år har vi synleggjort vårt engasjement for kjønns- og seksualitetsmangfald ved å bruke regnbogefargane både internt og eksternt. I tillegg til ulike aktivitetar i juni, arbeider vi for å ivareta det skeive perspektivet heile året, både i regelverk og i den interne kulturen. For å ha nøgde kundar og vere ein attraktiv arbeidsplass, er vi overtydde om at vi må spegle det samfunnet vi er ein del av. Difor gjennomfører vi små og store tiltak gjennom heile året for å byggje ein inkluderande kultur.
Mangfald er ein viktig del av vårt berekraftsarbeid, og vi er stolte av å ha tilsette frå mange ulike nasjonar og med ulik bakgrunn.



Konsernsjef Gro Bakstad med medarbeidere.
Trygt fellesskap
Leiarane våre skal bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle, uavhengig av etnisitet, kjønn, alder, religion, funksjonsnivå eller seksuell legning.
Mangfald og inkludering er ein sentral del av leiarutviklinga. Vi legg vekt på nærværleiing, leiar sitt ansvar for å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø og kva gode relasjonar har å seie.
Ynskjer fleire kvinner
Vi etterstrevar kjønnsbalanse på alle nivå i konsernet, og jobbar målretta for å auke delen kvinner gjennom rekruttering og kompetanseutvikling.
Delar av verksemda vår har overvekt av menn, og den totale delen kvinner i konsernet er på 17 prosent. Dette ønskjer vi å gjere noko med. Difor rekrutterer vi medvite fleire kvinner til dei mannsdominerte yrka, som lokomotivførarar og bussjåførar.
Kulturelt mangfald
Samansetjinga av arbeidsstyrken i Vy speglar på mange måtar befolkninga i Noreg, og innvandrardelen (slik denne blir definert av Statistisk sentralbyrå) har auka jamt dei siste ti åra, frå 15 % i 2010 til 32 % ved siste måling i 2023.
Vi gjer ei rekkje tiltak for å auke mangfaldet, mellom anna:
- Nulltoleranse for diskriminering grunna etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion, seksuell orientering og livssyn.
- Hijab inngår som ei moglegheit i uniforma.
- Krav om norsk som arbeidsspråk inngår som eit tiltak for integrering og godt arbeidsmiljø. Dette inneber også kartlegging av språket til tilsette ved hjelp av Bussnorsktesten. For å inkludere alle best mogleg, jobbar vi medvite med å ha eit klart og enkelt språk.
- Klart språk er nyttig for alle, og spesielt om ein har lese- og skrivevanskar eller norsk som andrespråk. Vi samarbeider med Dysleksi Norge og Bærum vaksenopplæring for tilrettelegging for tilsette med språk- og lesevanskar.
Følg draumen, ikkje straumen
Det er stor mangel på bussjåførar i Noreg, og vi ønskjer å få fleire til å velje dette yrket. Vi jobbar både med tilrettelegging for å behalde arbeidstakarar, og med målretta rekruttering. Både unge som er i ferd med å velje yrke, og vaksne arbeidssøkjande er viktige målgrupper for oss. "Følg draumen, ikkje straumen" var ein rekrutteringsturné for å nå unge som skulle velje yrkesretning.
Vi har også eit godt samarbeid med NAV for å gje fleire moglegheit til å skaffe seg kompetanse, både når det gjeld språk og køyreferdigheiter, slik at dei kan kvalifisere seg til jobb som bussjåfør.
Vi har også jobba med å rekruttere personar som ønskte å bli sjåfør, men som ikkje har førarkort for buss. Personane fekk førarkort for buss dekt av Vy, og tilbod om jobb hos oss då oppkøyringa var bestått.
Det har vore lagt særleg vekt på å rekruttere kvinner, og gjerne innvandrarkvinner, til bussjåføryrket. Eit tilrettelagt kurs for jobbsøkjarar i Nav-systemet, gjev formell utdanning som yrkessjåfør etter 23 veker. Deretter må søkjarane gjennom eit intervju og bestå ein test, før dei får tilbod om tilsetjing hos oss.

Nedsett funksjonsevne og universell utforming
Det er viktig for oss å leggje til rette for både tilsette og kundar med funksjonsnedsetjing.
Det skal vere enkelt å reise med Vy. Difor jobbar vi med å sikre at produkta og tenestene våre tilfredsstiller krava til universell utforming. Vi har kontakt med fleire interessepolitiske organisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne og andre eksterne aktørar på området.
Etiske retningslinjer og rettar
Vi har tydelege retningslinjer for etikk og samfunnsansvar.
Dei personalpolitiske prinsippa våre slår fast at:
- Alle medarbeidarar i Vygruppen er likeverdige uavhengige av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering eller religiøs, etnisk og kulturell bakgrunn.
- Vi ønskjer eit breitt og mangfaldig spekter av leiarar og medarbeidarar, der individuelle eigenskapar skal respekterast og verdsetjast.
- Kjønnsbalanse og auka mangfald er ønskeleg på alle nivå i konsernet, og skal leggjast vekt på ved rekruttering og kompetanseutvikling.