Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Tøff start for togpendlarane

Publisert 21. august 2026 kl. 14:42

Dei siste vekene har det vore tøft å vere togpendlar på Austlandet. Mange feil på skinner, straum- og signalanlegg har ført til innstillingar og forseinkingar, og skapt mykje frustrasjon. Det forstår vi svært godt.

Tog forbi åker

Denne situasjonen er uhaldbar både for dei reisande og Vys tilsette. Etter veker med stengde jernbanestrekningar på grunn av nødvendig fornyingsarbeid, hadde vi gleda oss til å køyre toga igjen.

No håpar vi at perioden med så mange feil er over. Bane NOR jobbar hardt for å rette feil og forklare kva som har skjedd, og lovar at fornyingsarbeidet vil gi resultat på sikt.

Få oppdatert informasjon i Vy-appen

Når det skjer ting på jernbanen som vi ikkje har planlagt, oppmodar vi dei reisande til å søkje informasjon i Vy-appen, følgje med på skjermane på stasjonen og lytte til meldingane som blir gitt.

Når trafikken stoppar opp, må mykje avklarast samtidig. Informasjonen kjem stegvis fordi situasjonen endrar seg stegvis. Vi forstår at det er frustrerande når informasjonen ikkje gir alle svar raskt nok, eller når det av og til er ulik informasjon i ulike kanalar. Vi oppdaterer informasjonskanalane våre så raskt vi kan, og tilrår at du:

  • Sjekkar reisesøket i Vy-appen eller på vy.no før reisa, slik at du er oppdatert på eventuelle endringar eller forseinkingar på avgangen din.
  • Slår på pushvarsel i Vy-appen for strekninga di. Då kan vi gi deg beskjed med ein gong dersom noko endrar seg.

Hugs reisegarantien

Reisegarantien vår gir deg rettar dersom toget ditt blir forseinka eller innstilt. I reisevilkåra våre finn du meir informasjon om rettane dine.

Sjå informasjon om refusjon, prisavslag og erstatning