Har du fått eit kontrollgebyr?
Det er mogleg å klage på eit kontrollgebyr, eller be om å utsetje betalinga av eit gebyr. Her finn du også meir informasjon om gyldig billett og kontrollgebyr.
Klage på gebyr?
Det er ditt eige ansvar å passe på at du har gyldig billett for heile reisa di. Vi opphevar generelt ikkje gebyr ved gløymt, mista eller ugyldig billett.
Betalingsutsetjing eller delbetaling
Du kan søke om betalingsutsetjing eller delbetaling av gebyret.
Meir om kontrollgebyr
Gyldig billett
- Ved kontroll må du ha ein gyldig og aktivert billett. Mobilbillettar og elektroniske billettar (reisekort) må vere kjøpte og aktiverte før du går om bord.
- Om ikkje har gyldig billett når det er kontroll, kan du få eit gebyr. For å unngå ekstra kostnader og ubehagelege overraskingar, ta ein liten sjekk før du går om bord.
Kor mykje er gebyret?
- Samferdselsdepartementet avgjer kor mykje du må betale om du ikkje har gyldig billett ved kontroll. Gebyret er 1 470 kr, eller 1 200 kr for om du er under 18 år.
Om elektroniske billettar
- Når du bruker mobilbillett eller elektronisk reisekort, er det ditt ansvar å sjekke at han er gyldig før du går om bord i toget.
- Om du har kjøpt mobilbillett til ein viss avgang, så er det den avgangen du må reisa med – billetten gjeld ikkje på andre tog.
- Hugs at skjermen må vere leseleg, og at du har nok batteri på mobilen eller nettbrettet til heile reisa. Det er kjedeleg å stå utan billett fordi mobilen har slått seg av!
- Om du har kjøpt billettar til fleire personar med mobilen din, er det du som har billettane. Derfor må mobilen din vera tilgjengeleg for heile reisefølgjet ved billettkontroll.