Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Er det plass på toget til min motoriserte rullestol?

Plassen for rullestolar tilfredsstiller internasjonale mål og er på 70 x 120 cm, så rullestolen din kan ikkje vere større enn dette. Rullestolen må ikkje vega meir enn 250–350 kilo inklusive brukar. Dersom desse målkrava blir tilfredsstilte, kan rullestolen sikrast under transport, og brukaren får tilgang til handikaptoalett, ramper og heisar der det finst.

Avgrensinga til rullestolheisane varierer mellom togtypane. Dersom vekta på reisande og rullestol totalt overstig desse avgrensingane, vil ikkje heisen løfte. Hjelpemiddel som skjener har ei tålegrense på 250 kilo og ramper på stasjonen har ei grense på 300 kilo. Motoriserte rullestolar må vere typegodkjende som rullestolar av Statens refusjonsordning for hjelpemiddel.

Brukarar av rullestolar som ikkje tilfredsstiller desse krava kan ikkje forventast plass på Vys tog og blir heller ikkje tilbodne spesialtransport av Vy.

Det er dessverre ikkje mogleg å lade elektrisk rullestol på toget.

Unntak for Bergensbanen

Ver merksam på at det ved nokre låge plattformer ikkje er mogleg å nytte rampe (skjener). Dette gjeld: Vikersund, Flå, Nesbyen, Ål, Ustaoset, Haugastøl og Finse.

Kravet om tilpassing for rullestolar på 70 cm kom i 2011. Toga som køyrer på Bergensbanen er eldre, og kravet gjeld ikkje desse toga. Norske tog AS er i gang med å kjøpe inn nye tog, og Vy er med i arbeidet slik at desse toga får gode løysingar for dei ulike kundegruppene våre.