Korleis kan eg sjekke at det er taksameterprisen (ikkje maksprisen) som er trekt frå konto?
I appen får du ein makspris frå taxiselskapet. Vi reserverer dette beløpet hos deg når du stadfestar bestillinga. Når turen er ferdig blir du trekt det beløpet som er lågast av makspris eller taksameterpris.
Døme: Om maksprisen var 300 kr og taksameterprisen var 280 kr, vil det stå at 300 kr er reservert hos Vipps. Transaksjonen har status «Reservert». Under «Transaksjonar» lenger ned på detaljvisninga for den aktuelle turen vil det stå -280 kr i raud skrift. 280 kr er altså beløpet som er trekt, og det resterande beløpet er frigjeve til kontoen din. Vipps jobbar med å gjere det tydelegare at status i dette tilfellet er «Betalt» og ikkje «Reservert».
Du kan også sjekke i nettbanken din at det er taksameterprisen som er trekt. Det kan ta nokre dagar før transaksjonen er ferdig behandla av banken.