Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Kortreist mat for lange togreiser

Velkomen til kafeen vår om bord på Bergensbanen. Uansett om du er småsvolten eller skrubbsvolten så skal du finne noko som fell i smak.

Kvinne og to gutter kjøper mat og drikke i kafévognen

Kafémeny

I kafeen om bord kan du nyte eit utval av varme og kalde rettar av god kvalitet, der reine råvarer, gode smakar og lokal tilhøyrsle står i fokus. Her finn du mellom anna smoothies, middagsrettar, bakst og dessertar, i tillegg til eit variert utval drikke.

Sjå heile menyen

Mat om bord

Menyen er nøye sett saman slik at det skal vere noko for ein kvar smak, for både store og små. Det er mellom anna fleire allergivenlege i tillegg til vegetariske rettar.

Du kan nyte mat i kafeen eller du kan ta med maten til plassen din. Kafeen er open under heile togturen og gjev eit fint avbrekk på reisa. Du kan ikkje ta med alkohol til plassen, men kan nyte denne i kafeen.

Kafé på nattog

På nattoga våre har vi tilbod om ein enklare kveldsmeny. Kafeen er open heile natta og stengjer ca. 30 minutt før toget kjem fram til endestasjonen.

Vi håpar du finn noko som freistar!

Førehandsbestilling av mat for grupper

Reiser du i gruppe på 8 personar eller fleire, kan du førehandsbestille eit smakfullt måltid til turen. Du kan velje mellom spesielt utvalde kalde smårettar, bagettar og lunsj poser. Kalde og varme drikker kan også førehandsbestillast. Bestilling må gjerast seinast 48 timer før avreise.

Bestill reise med Bergensbanen

Mat om bord på toget

Kaféverten server mat til på i Kafévognen
Par  spiser middag i kafèvognen
Bestemor og barnebarn spiser i kafèvognen

Foto: Vy/Sune Eriksen

Sjå også: