Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Sørlandsperler i Kristiansand

Om du skal besøkje Kristiansand, har vi samla fem gode tips for å oppleve sørlandsbyen! Vy express, ruta VY190, køyrer heile vegen mellom Oslo og Bergen. Sit høgt og komfortabelt i ein dobbeldekkar heile vegen, enten du køyrer frå aust eller vest.

Eit luftig lokale i teglstein med gjester i gode samtalar.
Bordet er dekt med rettene og me ser utover i lokalet som har store vindauge.

Smag & Behag: Kortreiste råvarer

Vi valde ut smårettar og landa på oksemørbrad (280 kr) som blir servert i ein smakfull raudvinssaus med pommes anna (ein omnsbakt potetrett frå Frankrike), rapini (også kalla brokkoli raab, som er i kålslekta) og fennikel. Vi valde òg torsk servert i ein herleg yuzu-smørsaus med asparges, morkel (nydeleg sopp) og urtesalat (270 kr). Av drikke ville vi prøve noko forfriskande, så vi smakte på bringebær- og rabarbrasaft frå Safteriet (79 kr). Rettane våre var smakfulle med god saus og tilbehøyr. Både kjøtet og fisken var laga etter boka, og kjendest som ei oppleving å setje tennene i!

Dessertmenyen kunne freiste med heile sju alternativ i prisklassen frå 89–250 kroner. Vi valde sjokoladedolme (145 kr), som verkeleg var ei smaksbombe og ei positiv overrasking. Han vart servert med kirsebær-is og bestod av ei kule med fast sjokolade fylt med mild karamell og kirsebær. Vi bestilte òg ein creme brûlée (140 kr) som diverre skuffa oss litt i smak og konsistens.

Nydeleg lokale med ope kjøken og bar

I ein tidlegare gymsal på Kongens Gate skole, har dei pussa opp og slipt fram eit nydeleg restaurantlokale. Her blir du møtt av teglstein, treelement, store vindauge og ein flott takkonstruksjon, som gjer lokalet elegant og kontrastfylt. I lokalet har dei eit ope kjøken der du ser kokkane i full sving gjennom heile besøket, om du sit i første etasje. Vi fekk plass i andre etasje, som gav flott utsikt over lokalet og gjorde at lokalet verka endå meir luftig og stort. Om sommaren har dei òg ei uteservering. Inngangen og toalettet til lokalet er tilpassa rullestol.

Dei har i tillegg eigen bar og vinkjellar som gjev det vesle ekstra for dei som vil kose seg med noko godt i glaset til maten.

Eit 70-tals inspirert kjøkken med raud og kvit tapet, filleryer på golvet og ulikt kjøkkenutstyr som ligg framme.
Stove innreidde hos designkollektivet i 70-talsstil.

Unike design og vintageperler!

Kjellarlokalet er enormt, og er delt opp etter tema. Til venstre for trappa finn ein nye design, her finn du mykje fargar og humor i keramikk, plakatar, tekoppar og lampeskjermar. Du kan òg gå innover ein liten gang der du blir tatt rett tilbake til 70-talet! Her går du inn i eit møblert kjøken og dessutan stove med fargerik tapet, grove tekstil, servise med mønster og raude og oransje fargar som lyser mot deg. I denne tidsmaskina kan ein bruke lang tid på å mimre tilbake i tiåra og finne ulike skattar.

Til høgre for trappa finn ein mange ulike zero-waste-produkt saman med handlaga såpe og andre økologiske produkt. Rett framføre trappa finn du klesavdelinga, som er like stor for menn som for kvinner. Innimellom finn du òg re-design og nytt design av belte og vesker.

Inngangen til bakgarden til Posebyhaven.
Herleg bakst frå The Odd *Bakery- croissant og kardemommebolle.

Posebyhaven med lokale butikkar og søte freistingar

Tallerken servert med køfteburger og omnsbakte poteter.
Bord dekket med tallerken, Golden milk og ein vase med raud tulipan.

TilStede mat og mer: Økologiske og veganske rettar 

Vi bestilte B9´s Køfte Burger (275 kr) og Avokado toast (liten 180 kr, stor 245 kr). Både burgarbrødet og brødet til toasten var frå The Odd bakery, smakfullt og ferskt. Vi vart gode og mette av porsjonane. Av drikke vart vi nysgjerrige på deira Golden Milk (72 kr), som er varm mjølk krydra med gurkemeie, honning, kanel og kardemomme. Vi syntest det var heilt nydeleg, men dette er absolutt ein smak-og-behag-type drikke sidan han er litt spesiell.

Solfylt takterrasse

Sjølve lokalet er stort og moderne. Det er mørke veggar, lyst golv og fargerike figurar vi kjente igjen frå matmenyen som prydar veggene. TilStede mat og mer har òg ein superfin takterrasse som verkeleg bør prøvast ut så fort sola skin. Både lokalet og takterrassen er tilrettelagt for rullestol.

Lokalet hos Tiara med langbord og mindre sitjegrupper.
To koppar kaffi hos Tiara i lyseblått servise.

Tiara Kaffebrenneri: Kaffistopp i bykjernen

Tiara Kaffebrenneri har to lokale i Kristiansand. Det eine ligg midt i Markens gate og har ei lita og koseleg uteservering som er perfekt for å nyte ein kopp kaffi medan du ser på bylivet. Det andre lokalet ligg i Rådhusgata, berre nokre få meter frå Rutebilstasjonen, og har eit større lokale med langbord og komfortable sofaar, ideelt for lengre besøk eller arbeid på farta.

Reis med Vy express VY190