Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Ein togdraum blir oppfylt!

Kombiner to av verdas vakraste togreiser med innhaldsrike dagar i spektakulært fjordlandskap. Her er guiden din til sommarens eventyr i Flåm!

Kvinne lener seg ut vinduet av et tog
Kvinne på SUB på fjorden i Flåm

3 grunnar til å ta Bergensbanen

Ei oppleving i seg sjølv!

Feriekjensla startar i det sekundet du går på toget. Berre len deg tilbake og la roa senkje seg medan du nyt utsikta til imponerande, norsk natur. Både Bergensbanen og Flåmsbana er på lista over verdas vakraste togreiser, og det er både enkelt og komfortabelt å kombinere dei to togturane

Enklare blir det ikkje!

For å kome deg vidare til Flåm, går du av Bergensbanen på Myrdal stasjon og hoppar rett over på Flåmsbana som tar cirka ein time ned til Flåm sentrum.

Hyggeleg for lommeboka

Ver tidleg ute med bestillinga for å sikre deg dei rimelegaste billettane.

Finn togbillettar her

3 grunnar til å oppleve Flåmsbana

Kvinne som ser ut av togvinduet ut over hus og fjell.

Norsk natur på sitt beste

Det er forståeleg at folk kjem frå alle verdas hjørne for å oppleve Flåmsbana. For ein norsk reiseentusiast er dette ein togdraum som blir oppfylt. Her susar du gjennom urørt norsk natur med fossefall og stupbratte fjell på kvar side. Toget stoppar også i fem minutt ved Kjosfossen, slik at du kan gå ut og nyte synet av vatn i 93 meters fritt fall.

Innsiden av en togvogn med røde seter.

Historisk sus

Det er noko nostalgisk med å gå om bord i eit tog som har tatt vare på mykje av det originale uttrykket frå det starta å frakte personar i 1941. Toget er rustikt, sjarmerande og litt knirkete. Funfact: 18 av dei 20 tunnelane er bygde for hand.

Les meir om Flåmsbana
Kvinne går forbi et grønt tog med fjell i bakgrunnen.

Perfekt utgangspunkt for opplevingar

Flåm er så mykje meir enn berre eit knutepunkt for eventyrarar. Her kjem du tett på storslått fjordlandskap, får nyte lokale delikatessar og får opplevingar for livet – enten du set pris på roleg tempo eller føretrekkjer litt meir action.

Sjå vår komplette guide til Flåm
Utsikt over Stegatein.
Kvinne som står med utsikt over fjell bak.
En foss som renner nedover en fjellside

3 tips for fart og spaning

Flåm Zipline

Noregs lengste zipline på 1 381 meter finn du i Flåm, og det er ei heilt rå oppleving! Gå av Flåmsbana på Vatnahalsen stasjon, og svev nedover til Kårdal. Herifrå kan du leige sykkel og trille tilbake til Flåm sentrum.

Fjordsafari med RIB

Rallarvegen

Rallarvegen er den mest populære sykkelturen i den norske fjellheimen. Du kan for eksempel ta Bergensbanen til Finse og bruke heile dagen (eller to) på å sykle derifrå til Flåm. Eller, kva med å gå for ein mindre krevjande variant der du kombinerer Flåmsbana, fottur og sykling frå Kårdal?

3 turar du vil elske

Brekkefossen

«Wow! For ei utsikt!» For å kome deg opp til Brekkefossen, kan du enkelt rusle frå Flåm sentrum langs Brekkevegen til du ser den merka turløypa til Norsk Turistforening. Du kan følgje steintrappene heile vegen opp til fossen og utkikspunktet.

Gåtur ned Myrdalsberget og sykkeltur til Flåm

Du kan hoppe av Flåmsbana på Vatnahalsen stasjon og ta beina fatt ned til Kårdal. Dette er ein hyggeleg stad for lunsjpause, og herifrå kan du leige sykkel for å trille ned den siste og enklaste delen av Rallarvegen til Flåm sentrum.

Stegastein

Dette unike utsiktspunktet gjev magasug-garanti og spektakulær utsikt over Aurlandsfjorden. Stegastein ligg ein liten køyretur unna Flåm sentrum.

3 overnattingsstader

Svingen Guesthouse

Oi, er det bestemor som har invitert oss inn? Ein kort gåtur langs kaia frå togstasjonen finn du ein autentisk og heimekoseleg overnattingsstad med det vesle ekstra. Den blomstrete tapeten, lukta av såpe og dei gamle, men vel bevarte møbla. Her har du romslege opphaldsrom med store vindauge ut mot fjorden og kanskje den mest koselege fjord-verandaen i heile Flåm.

Fretheim hotel

Berre eit steinkast unna togstasjonen finn du eit nydeleg hotell med historisk sus. På Fretheim hotell har det budd gjestar sidan 1800-talet. Romma er innbydande og koselege med utsikt mot Flåm sentrum.

Flåmsbrygga hotel

Berre 100 meter frå jernbanen, midt på brygga, finn du Flåmsbrygga hotell. Alle romma har balkong med utsikt mot fjorden, og har tonnevis med sjarme med sin rustikke stil.

Kvinne som sitter foran et vindu i en badstu, utsikt over et vann og fjell
Kvinne som står på et SUP-brett på et vann.

3 opplevingar for ro og velvære

Fjordbadstue

Gjer noe godt for deg sjølv og book plass på ein FjordSauna. Lite slår eit forfriskande bad i fjorden kombinert med full avslapping i ei dampande badstove med fjordutsikt. Det er ekstra stas at saunaen har luke i golvet til bading og stupetårn på taket.

SUP

Ah, det er ei eiga kjensle å padle på fjorden – omgjeven av høge fjell på kvar side. Ein finn ei eiga ro av å padle til lyden av fossefall, fuglekvitter og kyr som rautar.

Flåm Fjord Farm

Årets nyhending i Flåm er ein nyrestaurert opplevingsgard med fokus på lokale smakar. Her blir det ei stor uteservering i den vakre hagen omringa av epletre, blomar, geiter og minigrisar. Norske folkemusikarar skal stå for underhaldninga, og i mai skal alt vere klart til å ønskje gjestar velkomne!

3 stader å ete god mat

Rekke med skåler med mat.

Ægir på Flåmsbrygga

Midt på brygga finn du det som ser ut som ei stavkyrkje. Men ikkje la deg lure. Når du går inn, er det som å gå inn i ein festhall på vikingtida. Eg let meg begeistre for dragehovud og referansar frå norrøn mytologi, ikkje minst for signaturretten til staden: Ægir Vikingplanke.

Smilende kvinne som holder et pizzastykke

Flåm bakeri

Du bør også ta turen innom det lokale bakeriet på brygga for rykande ferske godsaker. Dette er også ein koseleg stad for enkle måltid som pizza.

Skål med blåskjellsuppe på et bord.

Flåm Marina Terrasse

Eg vart også glad av denne bryggerestauranten som ligg nokre minutt gange frå togstasjonen. Her kan du mellom anna nyte ei betre fiskesuppe med storslått utsikt mot fjorden – enten du sit inne eller ute. Bonus: Veldig hyggeleg personale.

Visste du?

Bergensbanen tilbyr et stort utval togbillettar. Du kan for eksempel reise på budsjett med lågpris-billettar, kose deg saman med vener i eigen kupé eller ha ekstra komfort med Pluss.

Finn togbillettar her