Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Grensekryssande reiser – Agreement on Journey Continuation (AJC)

Kva du kan gjere viss du mistar eit togsamband på ei grensekryssande togreise.

Frå 1. august 2026 er Vy med i den internasjonale ordninga «Agreement on Journey Continuation» (AJC). Dette betyr at om du er på ei grensekryssande togreise og mistar eit togsamband vidare på grunn av innstilling eller forseinking på minst 10 minutt, kan du likevel kome deg til reisemålet ditt utan ekstra kostnad.

Dette gjeld uansett billettype, så lenge du skal reise vidare med Snälltåget, eller med SJ til, frå eller i Sverige. Den totale reisa må bestå av separate enkeltbillettar.

NB: SJs linje mellom Oslo og Stockholm er førebels ikkje med i dette samarbeidet.

Kva må du gjere

Du kan ta neste tog

Viss du har lagt opp reisa vidare med god nok overgangstid, kan du som regel reise vidare med neste avgang med same togselskap, dersom du mistar sambandet.

For at dette skal gjelde, må

  • overgangstida mellom toga vere minst 15 minutt.
  • overgangstida i tillegg ta omsyn til eventuelle andre behov (viss du til dømes har redusert mobilitet).

Hugs å få stadfesting

Når du skal ta eit nytt tog, må du vise denne stadfestinga til personalet, saman med den opphavlege billetten din.

Få stadfesting på e-post

Ver merksam på

  • Ordninga gjeld ikkje lokaltoga i Noreg.
  • Nokre tog kan vere fullbooka og ikkje ha tilgjengelege plassar.
  • Kontakt konduktøren på neste tog før du går ombord for å sjekke om det er plass.