Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Personvern i Vygruppen AS

Personvernerklæringa gjeld for deg som kjøper reisetenester frå oss eller brukar vy.no, vy.se eller Vy-appen. Her kan du lese om rettane dine og korleis vi behandlar personopplysningar.

Behandlingsansvarleg når du brukar tenestene våre, er:

Vygruppen er eit mobilitetskonsern med fleire selskap som leverer ulike reisetenester, under dette tog- og busstenester. Selskapa i Vygruppen har eit felles konsernkunderegister for best å kunne administrere kundetilhøvet og samordne tilbodet av tenester frå selskapa i konsernet. Selskapa i Vygruppen har eit sams behandlingsansvar for opplysningane i registeret.

Prinsippa våre for personvern

  • Vi skal behandle personopplysningar på ein lovleg, rettvis og open måte.
  • Vi skal berre hente inn personopplysningar som er relevante vår reisene og kundetilhøvet til kundane våre
  • Vi hentar ikkje inn meir personopplysningar enn vi må.
  • Personopplysningar som vi har henta inn skal vere oppdaterte og korrekte.
  • Personopplysningar som vi har henta inn skal slettast når det ikkje lenger er behov for dei.
  • Personopplysningar som vi har henta inn skal behandlast konfidensielt.
  • Vi sel aldri personopplysningar til tredjepartar.
  • Kundane våre har rett til å få innsyn i personopplysningar knytte til kundetilhøvet sitt. Kundar skal kunne få ein kopi av desse, og kan velje å slette dei frå systema våre om vi ikkje treng dei for t.d. å oppfylle lovkrav.

Kva tid behandlar vi personopplysningar?

Kva er rettane mine?

Kva brukast personopplysningane til?

Personopplysningane brukast hovudsakleg til å tilby deg mobilitetstenester frå Vy og andre samarbeidspartnarar, gje deg god kundeservice eller refusjon/erstatning der du har krav på det. Vi brukar også opplysningane til å betre tenestene våre og til å kunne tilby deg brukartilpassa tenester og marknadsføring, slik at du skal få ei best mogleg oppleving hos oss. Nedanfor følgjer ei liste av ulike behandlingsaktivitetar, og kva opplysningar vi kan behandle for kvar enkelt aktivitet.

Har du spørsmål om personvern?

Sjå også: