Punktlegskap
Sjå tal over kor punktlege toga og bussane, les om årsaker til forseinkingar og sjå korleis vi jobbar med å få fleire punktlege tog og bussar.
Kor punktlege er toga?
I 2025 var 88,1 prosent av toga våre i rute, som er 1,3 prosentpoeng høgare enn 2024.
Kor punktlege er bussane?
I 2025 var 92,3 prosent av bussane våre i rute.
Toga
Eit tog er i rute når det kjem til endestasjonen innanfor 3:59 minutt av oppgitt tid. For langdistansetog er marginen 5:59 minutt.
Det er mange grunnar til at eit tog kan vere forseinka, men dei viktigaste årsakene kan delast i tre grupper:
- Feil på skjener og signalanlegg
- For lange opphald på stasjonen
- Tekniske feil på toga
Feil på skjener og signalanlegg
Bane NOR er ansvarleg for infrastruktur og vedlikehald. Feil på skjener og signalanlegg er den viktigaste årsaka til forseinkingar. Signalfeil betyr ikkje at det er feil på signalanlegget, men at anlegget varslar om ein feil. Det kan for eksempel vere kortslutningar, eller is og stein i sporvekslaren. Vêr, vind og andre uventa hendingar kan også skape problem for togtrafikken.
Bane NOR jobbar kvar dag med å gjere skjenegangane og signalsystema betre, slik at forseinkingane blir så få og så korte som mogleg.
I tillegg har dei starta arbeidet med å byte ut signalanlegget. Det nye systemet heiter ERTMS, og skal redusere talet på signalfeil kraftig når det blir tatt i bruk. ERTMS er allereie i drift på Østfoldbana mellom Ski og Mysen/Rakkestad, og denne linja er no blant dei mest punktlege strekningane i landet.
For lange opphald på stasjonen
Dette er nokre av dei vanlegaste årsakene til at toga brukar lengre tid enn planlagt på stasjonane:
- Tronge dører og trappegangar som gjer det vanskelegare å kome seg av og på
- Spesialbagasje, barnevogner og liknande, som det tek ekstra tid å få om bord
- Passasjerar som prøver å gå på toget før alle har kome seg av
Tekniske feil på toga
Tekniske feil på tog og materiell er også opphav til forseinkingar og innstillingar. Tog i Noreg blir utsette for ekstreme påkjenningar. Frå bratte og krappe skjenegangar til is, fukt og store temperatursvingingar. Dette gir slitasje på toga, spesielt på dei eldste togsetta våre.
Med ei rekkje nye og moderne tog har talet på forseinkingar gått ned. For dei gamle toga har vi no innført eit nytt vedlikehaldsprogram, og dette har resultert i færre forseinkingar.
Bussane
I 2022 var 94,4 prosent av bussane i rute. Vi skal alltid gjere vårt beste for at du skal kome fram i rett tid. Skulle det likevel bli forseinkingar eller annan leveransesvikt, skal vi:
- gi deg best mogleg informasjon om kva som skjer,
- så tidleg som mogleg gi deg informasjon om alternativ transport / alternative reisevegar, og
- setje opp alternativ transport så langt det er praktisk mogleg