Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

– I Vy er det plass til alle

Det Ali likar aller best med jobben, er menneska han møter.

Overkonduktør Ali står i midtgangen i toget og smiler

– This is Halden!

Mohammad Jawad Ail Malik går smilande mot ein utanlansk turist som sit med augo lukka og kvilar hovudet mot ruta. Toget har susa forbi grønkledde enger og frodig skog, før det no sakkar farta og rullar inn på perrongen.

Litt tidlegare har turisten spurt om Ali kan hjelpe henne av på rett stasjon.

«Thank you, and thanks for the ride», svarar ho og sprett ut av toget med bagen over skulderen.

Ali smilar fornøgd.

– Det beste eg veit er når passasjerar seier takk for turen. Då veit eg at dei har hatt ei god oppleving.

Frå eigedomsmeklar til konduktør

For sju år sidan endra Ali karriereveg. Det heile skjedde ganske spontant etter eit tips frå søstera, som sjølv jobbar i jernbanen. I dag verkar eigedomsmeklarbransjen fjern.

– Eg hamna i Vy heilt tilfeldig. No kan eg verkeleg ikkje tenkje meg ein betre jobb.

Etter enda eigedomsmeklarutdanning og ein lang periode med jobbsøking i ein vanskeleg arbeidsmarknad, var Ali klar for nye utfordringar. Han følgde rådet frå søstera, og det tok ikkje lang tid før han fann seg til rette i rolla som konduktør.

No sjonglerer han livet som ektemann og pappa med turnusjobb i VY. Eit liv som passar han midt i blinken.

– Det beste med jobben er dei varierte arbeidsdagane. Det er verkeleg ingen dag som er lik. Og eg møter nye menneske kvar einaste dag. Sånn sett er det nokre fellesnemnarar mellom livet som eigedomsmeklar og konduktør.

Unikt mangfald

På perrongen i Halden blir ferieklare passasjerar losa inn i toget mot Gøteborg. I nystroken skjorte og med pene bukser smilar Ali venleg og ønskjer dei reisande velkomne.

– I denne jobben må ein tørre å gje av seg sjølv. For meg er det viktig å vere blid, informativ og imøtekomande, seier Ali, før han tar seg ein tur mellom togvognene for å sjekke billettar og sjå at alt er som det skal.

«Er det ferie for dykk no, eller? Så deileg. De skal til Gøteborg, ja? Det er ein skikkeleg fin by.»

Småpraten sit laust medan toget rullar forbi innsjøar med småbåtar og badeflåtar, stadig med kurs mot Sverige.

– Eg har tenkt litt på kva som gjer at eg trivast så godt i Vy, og eg trur mangfaldet har mykje å seie. Eg likar at eg jobbar i eit selskap der vi er så mange menneske med ulik bakgrunn, seier Ali opprømt og fortset:

– I Vy jobbar folk frå fleire generasjonar, nokre er fødde så seint som på 2000-talet, medan andre er fødde på 60-talet. I tillegg er vi mange med ulik kulturell og religiøs bakgrunn, ulik legning, ulik yrkesbakgrunn og ulike måtar å leve livet på. Her er det liksom plass til alle.

Løna opplæring

Då Ali for sju år sidan søkte på ei ledig stilling som konduktøraspirant, fekk han løna internopplæring som konduktør. Den teoretiske delen føregjekk ved Kompetansesenteret i Drammen. Den andre halvparten saman med ein yrkesrettleiar på tog.

I dag er Ali sjølv ein av dei som gjev håpefulle konduktøraspirantar opplæring i yrket han trivast så godt i.

– Ein konduktør har mange oppgåver. Viktigast av dei alle, er at eg har ansvaret for tryggleiken om bord i toget. Difor skal du kunne mykje om toga du jobbar i, forklarar han.

– Vi passar på av- og påstiging, passar på tryggleiken i togsettet og for passasjerar, informerer ved forseinkingar eller uønskte hendingar, og passar på at tryggleiken til lokførar blir teken hand om.

Forståing og empati for kunden

Sjølv om livet som konduktør stort sett er som i dag – med ein arbeidsdag som går på skjener og trivelege passasjerar på reise, hender det uføresette situasjonar som krev ekstra mykje.

Ali gløymer nok aldri den iskalde vinterdagen tidlegare i år. I 20 minusgrader midt mellom to stasjonar i distrikt-Sverige, stansar toget. Noko var gale med straumtilføringa.

– Det tok ni timar før vi fekk toget i gang igjen. Eg kan love deg at det var ni lange, iskalde timar for både passasjerar og tilsette. Eg prøvde så godt eg kunne å gjere det beste ut av situasjonen.

Ali samla alle passasjerane i éi togvogn. På den måten kunne han raskare informere dei. I tillegg var det lurt å vere samla for å halde varmen. Han måtte fram med både varmeteppe, drikkevatn og redningsfoliar til passasjerane. Trass i ein vrien situasjon, var Ali fast bestemt på å halde humøret oppe.

– Folk fraus, og vart ganske utolmodige. Sjølvsagt blir ein det i ein slik situasjon. Eg er opptatt av å vise passasjerane forståing for kjipe hendingar som oppstår. Utruleg nok opplevde eg inga sure miner den dagen, og vi kom oss jo fram til slutt. Vi gjer jo alltid det.

Møt andre tilsette i Vy:

Konduktør Sveinung står utenfor et tog og smiler

Konduktør Sveinung

Kvar dag gler konduktør Sveinung Groven (45) seg til å skape god stemning på toget. Han meiner nemleg det er lite som skal til for å gjere dagen til passasjerane litt betre.

Planlegg di neste kollektivreise

Berekraft og samfunnsansvar

Alle som reiser kollektivt eller fraktar gods på skjener bidreg til eit meir berekraftig samfunn. Det er låge utslepp frå toga og bussane våre, og vi jobbar løpande for å redusere dei meir. Les meir om korleis vi jobbar med berekraft og samfunnsansvar i Vy.