Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Flex

Med Flex kan du endre avreisetidspunktet så mange gonger du vil. Har du Flex Refunderbar kan du i tillegg få pengane tilbake dersom du avbestiller før avgang, uansett årsak.

Ung mor med liten gutt ser ut av togvinduet

Flex – kort fortalt

  • Du kan velje sete og endre avreisetidspunkt
  • Praktiske arbeidsbord og straumuttak
  • Vel mellom Flex eller Flex Refunderbar

Vilkår for Flex

  • Med Flex kan du velje sete og endre avreisetidspunkt heilt fram til planlagd avgang. Du kan ikkje endre reisestrekning.
  • Ved endring til ein dyrare avgang må du betale prisdifferansen. Ved togreiser med bytte undervegs, kan du endre tidspunkt for avreise heilt fram til avgangstida for den første avgangen din.
  • Du betaler eit servicetillegg for bestillingar og endringer du gjer via betente salskanalar.
  • Flex kan oppgraderast til Pluss eller Sove, men kan ikkje bli endra til Lavpris eller oppgraderast til Flex Refunderbar. Om du vel ein dyrare avgang, må du betale prisdifferansen. Om du vel ein rimelegare avgang, vil du ikkje få refundert prisdifferansen.
  • Du kan ikkje kombinere Flex med andre rabattar, som student eller honnør.
  • Rullestol og barnevogn er gratis. Mot eit pristillegg kan du ta med hund og/eller sykkel om bord.
  • Du har fire timars angrefrist frå du kjøper billetten på vy.no, i appen eller i ein billettautomat, så lenge du avbestiller før avgangen til toget.

Vilkår for Flex Refunderbar

  • Denne billetten kan du få refundert. Det betyr at du får pengane tilbake dersom du avbestiller turen før avreise, uansett årsak.
  • Du betaler eit servicetillegg for bestillingar og endringer du gjer via betente salskanalar.
  • Med Flex Refunderbar kan du velje sete og endre avreisetidspunkt heilt fram til planlagd avgang. Du kan ikkje endre reisestrekning.
  • Ved endring til ein dyrare avgang må du betale prisdifferansen. Ved togreiser med bytte undervegs, kan du endre tidspunkt for avreise heilt fram til avgangstida for den første avgangen din.
  • Flex Refunderbar kan oppgraderast til Pluss Refunderbar eller Sove Refunderbar. Om du vel ein dyrare avgang, må du betale prisdifferansen.
  • Det er ikkje mogleg å endre passasjerkategori etter kjøp (f.eks. frå vaksne til born). Ynskjer du ei slik endring må du kansellere billetten fyrst og så kjøpe ein ny.
  • For Flex Refunderbar gjeld desse rabattane:
    • Barn: 75 prosent (barn under 6 år reiser gratis)
    • Honnør: 50 prosent
    • Student: 50 prosent
    • Militær: 90 prosent
    • Kundekort: 20 prosent
  • Rullestol og barnevogn er gratis. Mot eit pristillegg kan du ta med hund og/eller sykkel om bord.

Kjøp di neste reise

Sjå også: