Byte undervegs på reisa
Når du reiser med Vy tog gjev vi deg korrespondansegaranti. Når du reiser med Vy buss og reisa inneber eit byte, må du berekne nok overgangstid.
Kva overgang har du på reisa di?
Har du kjøpt ein gjennomgåande billett som fører med seg byte mellom Vy-tog (inkluderer byte av Vy-tog som køyrer mellom Noreg og Sverige) eller byte av tog mellom Vy og SJ NORD eller Vy og Go-Ahead, er det korrespondansegaranti. Om du ikkje rekk korresponderande tog gjeve opp på billetten, får du plass på neste ledige avgang utan at du må kjøpe ny billett. Den operatøren som er ansvarleg for forseinkinga skal syte for at du får plass på ny avgang. Det er ikkje korrespondansegaranti for reiser med byte mellom SJ NORD og Go-Ahead.
Ved byte mellom ekspressbussane våre må du rekne minimum 30 minutt. Om du har rekna med mindre tid enn dette kan du ikkje kompenserast for utlegg til alternativ transport eller overnatting.
VY146 Oslo–Ulsteinvik/Måløy
Ved bussbyte ved Kjøs Bru mellom VY146 mot Oslo, Ulsteinvik eller Måløy vil bussen alltid vente.
VY450 Oslo/Bergen/Lillehammer
Ved bussbyte på Fagernes skysstasjon mellom avgangar på linje VY450 mot Bergen, Oslo eller Lillehammer, vil bussen alltid vente.
Grensekryssande overgang
Ved reise med bussbyte til eller frå Sverige bør det reknast ekstra tid, da det kan vere kø ved grensa mellom Noreg og Sverige.
For andre reiser enn dei som er nemnt under, er det ikkje reisegaranti, så berekn tilstrekkeleg med tid til bytte mellom tog og buss.
RE10 og VY710 Oslo–Lillehammer–Trondheim
Om du skal byte frå tog linje RE10 til Vy express VY710 på Lillehammer, vil bussen vente på toget ved forseinking. Bussen vil vente i inntil ein time ved forseinka tog. Reiser du andre vegen og bussen er forseinka, er togbilletten din gyldig på neste avgang med linje RE10. Om bussen er forseinka til siste togavgang frå Lillehammer, så fortset bussen vidare til Oslo.
VY1 Kongsberg–Notodden
Vy express VY1 med avgang mot Notodden korresponderar med tog L12 på Kongsberg. Ved forseinking vil bussen vente på toget på Kongsberg.
VY1 Oslo–Rjukan
Vy express VY1 med avgang frå Oslo korresponderar med Farte 185 på Rjukan. Ved ei forseinking vil Farte 185 vente på alle avgangar med Vy express VY1 frå Oslo i inntil 20 minutt. På fredagar ventar bussen i inntil 30 minutt. Skulle du likevel miste avgangen din vidare med Farte 185, så kan billetten din nyttast på neste avgang.
Du er sjølv ansvarleg for å berekne tilstrekkeleg med tid til bytte mellom tog (frå Vy, Go-Ahead eller SJ NORD) og transportmiddel frå lokale transportselskap som:
- Ruter
- Kolumbus
- Brakar
- Skyss
- Vestfold og Telemark fylkeskommune
- Østfold kollektivtrafikk
- Innlandstrafikk
Dette gjeld og ved bytte mellom lokale transportselskap, for eksempel reiser som involverer både Brakar og Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Det er ikkje reisegaranti for slike gjennomgåande reiser, så sjå nøye på tidspunkta når du kjøper billett og auk gjerne foreslått overgangstid.
Nokre lokale linjer har korrespondanse med Vy buss, og du vil da finne informasjon om det i reisesøket her på vy.no eller i Vy-appen.
Tog
Merk at ved reise til flyplassane Torp eller Oslo lufthavn må du rekne med minst 30 minutt ekstra tid når du kjem fram til flyplassen, i tillegg til innsjekkingstida til flyselskapet.
For reiser der du har vald kortare overgangstid får du ikkje innfridd krav om refusjon av kostnader til alternativ transport eller andre utgifter som har komne til som følgje av tapt samband.
Buss
Når du nyttar buss for å kome deg til flyplassen skal du rekne med 60 minutt i tillegg til innsjekkingstid hos flyselskapet. Merk at innanlands og utanlands flyreiser har ulike krav til innsjekkingstid.
Ved planlagde avvik der buss erstattar delar av ei togstrekning, kan bussen få ei tidlegare avgangstid enn toget for å sikra at bussen er framme i god tid på overgangsstasjonen. Hugs derfor å sjekka reisesøket før reisa.
Ver merksam på at toget må gå til oppsett rutetid og som hovudregel ikkje kan venta på ein forseinka buss.
Dersom bussen blir forseinka, får du plass på neste tilgjengelege tog. Om siste tog vidare allereie har gått, eller dersom det er meir enn éin time til neste avgang, tilbyr vi – så langt det lèt seg gjera – alternativ transport. I slike tilfelle vil du få hjelp av ein kunderettleiar på stasjonen eller informasjon frå bussjåføren.
Skal du byta frå tog til buss for tog, og toget blir forseinka, vil bussen venta på deg ei viss tid. Dersom forseinkinga blir stor, bestiller vi ny alternativ transport.