Bergen-perlene du bør vite om!
Hopp av Bergensbanen midt i sentrum og utforsk dei fargerike gatene i byen, spektakulær natur og kokkekunst. Her er din guide til nokre av dei beste opplevingane i byen!


Kos deg på toget og opplev Bergens perler.
3 grunnar til å ta toget
Godkjensla
Det er lett å forstå kvifor Bergensbanen er kåra til ei av verdas vakraste togreiser! Roa som senkjer seg medan du nyt utsikta i dei komfortable seta, er i seg sjølv verdt turen.
Hyggeleg for lommeboken!
Er du tidleg ute med å bestille togturen, kan du spare pengar på reisa.
Hopp av midt i sentrum
Det er noko eige med å rusle rett frå toget og inn på hotellet. Du finn tips til tre hotell i Bergen sentrum litt lenger ned i artikkelen.


3 velværetips for å nyte livet litt ekstra
City sauna & cruise
Psst: Det er også mogleg å kome på drop-in på utvalde dagar, men då ligg badstova til kai.
Spa på The Pool & Spa
Nordnes sjøbad



Oppdag fleire moglegheiter for avslapping i Bergen.
Finn billetter og avgangstider!
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
3 gratis opplevingar
Gamle Bergen
Du kan fritt vandre rundt i dei historiske trehusområda.
Bryggen bak fasaden
Bryggen er oppført på UNESCOs verdsarvliste. Men visste du at bak den ikoniske fasaden, så gøymer det seg fleire små, koselege butikkar, galleri og etestader?
Utforsk byen
Gå på skattejakt for augo i byens sjarmerande gater og dei ulike bydelane, for eksempel Sandviken og Nordnes. Ta med kaffien!


3 etestader du vil elske
BarkEkstern lenke
Ikkje rart at denne staden har fått jubel! Her snakkar vi ein herleg miks av Bergen-barskt, rause snadder-porsjonar, låge skuldrer og god stemning! Første smak på fries med steinsopp-dipp fekk meg hekta, og eg vil allereie tilbake for meir.
FløirestauranteneEkstern lenke
Endeleg! Lokalet på toppen av Fløibanen har blitt kalla eit «problembarn» og har vore alt frå nattklubb til studiestad. No er det gjenopna som Bergens nye, lekre storstove og er ein destinasjon for smaksopplevingar. Dei fire kjøkena på staden har noko for alle – enten du kjem i turtøyet for noko varmt i koppen – eller ønskjer å nyte kritikarrost fine dining på Schou. Gratulerer med 100 års-jubileum! Vi feirar!
SannEkstern lenke
Etter litt knoting gjennom parfymeavdelinga på Sundt på Torgallmenningen og ein heistur, forstod vi at vi hadde gått glipp av ei stor dør med namnet på restauranten på. Men litt leiting var det verdt, for no gjekk vi inn i det som openbart er ein av dei kulaste restaurantane i byen – Sann. Super service, avslappa stemning og utsøkt smaksmeny til hyggelege prisar. Anbefalast!
3 fine hotell i sentrum
Grand Hotel Terminus
Skostredet hotel
Charmante Skostredet Hôtel





Bergen byr på mange gode hotell- og matopplevelser.
Bergensbanen tilbyr eit stort utval togbillettar
Tenester om bord på toget
Tre turstiar verdt å sjekke ut
Løvstien
Løvstien er byens nyaste attraksjon, som følgjer foten av Løvstakken som er 6,4 km lang. Frå stien har ein god utsikt over Byfjorden og Bergensdalen. Eit av høgdepunkta på traseen er den imponerande 383 meter lange brua.
Toppen av Fløibanen
Dette er eit perfekt utgangspunkt for turar i byfjella. Ønskjer du ein enkel tur, kan du sjekke ut turløypene til Fløyvarden eller Fjellhytta. Fristar det med ein litt lengre tur, er Rundemanen og Blåmanen verkeleg verdt å utforske.
Stoltzekleiven
Detter er turen for deg som er klar for ei treningsøkt og potensielt litt mjølkesyre. Stoltzen ønskjer deg velkomen med ein bratt steinlagd tursti med trapp på rundt 900 trinn opp mot Sandviksfjellet.


Uansett vêr er det flott å gå tur i Bergen.
Reis til Bergen
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken