Kupé
Kupé er billetten for deg som ønskjer å reise saman med andre, i ein heilt eigen kupé. Eit fint alternativ for mindre grupper som vil reise uforstyrra mellom Oslo og Bergen.
Kupé – kort fortalt
- Din eigen kupé med plass til venner og familie
- 2 sofaer med sitjeplassar til 6 personar
- Enkel komfort, med sofaer og felles bord
Kjøp di neste reise
Tida flyg i godt selskap
Venegjengar, studentar, familiar eller kollegaar på jobbreise. Med vår nye billett Kupé blir det lettare for alle som ønskjer å reise som ei lita gruppe, i litt meir private omgjevnader.
Å reise betyr i praksis berre å kome seg frå ein stad til ein annan. Men alt som skjer imellom, det er også ein del av reisa. Og med Kupé blir det endå lettare å dele reisa med fleire. Så medan vi syter for at toget rullar mellom fjord og fjell, får de tida til å flyge med hyggeleg prat i godt selskap, med kortspel rundt bordet eller djupt konsentrert i ein kreativ workshop. I dykkar eigen kupé.
Gratis avbestilling med Kupé Refunderbar-billett
Kjøper du Kupé Refunderbar-billett kan du avbestille turen kostnadsfritt heilt fram til planlagd avreise, uansett årsak. Ved bestilling registrerer du kor mange som skal reise i kupeen. Om du ønskjer å leggje til eller fjerne reisande frå kupéen i ettertid, gjer du dette ved å kontakte kundeservice.
Litt praktisk info om kupé
- Du må bestille heile kupéen. Du kan ha med deg inntil 5 andre reisende, eller du kan bestille kupéen helt for deg selv.
- Hugs at du ved bestilling må registrere alle i reisefølgjet ditt.
- Det finst 2 straumuttak og fleire USB-portar.
- Storleiken på kupéane er 3,6 kvm (190 x 190 cm).
- Om du reiser med hund over 40 cm så tel hunden som éin passasjer, sjølv om hunden har plass på golvet.
Innsida av ei kupé: For å få eit skikkeleg inntrykk av korleis ei kupé ser ut, kan du bevege deg rundt i biletet ved å dra i biletet eller sveip.
Skal du ha med sykkel?
På Bergensbanen har vi plass til fleire syklar. Du finn sykkelplassane ved inngangen til vogna, og vi rår deg til å låse alt utstyr med lås du har med deg før du finn plassen din.
Hugs å bestille eigen plassbillett til sykkelen din før avreise.
Reisetips
- Fysen? Ta ein tur i kafévogna om bord og la deg freiste av det varierte sortimentet vårt.
- Hugs å ta med ein kortstokk eller eit spel som fleire kan bli med på.
- Reiser du med barn? Ta med teiknesaker, arbeidshefte og bøker.
- Vi rår til at du lastar ned filmar, seriar og musikk før reisa byrjar. Internettsambandet om bord er ikkje optimalt på strekninga.
Spørsmål og svar om Kupé
Ja, kvar kupé har eiga dør og ein kan lukke døra. Døra kan ikkje låsast, så pass på at du ikkje etterlet deg verdisaker i kupéen om du oppheld deg andre stader i toget under reisa.
Det finst noko plass til bagasjelagring på golvet under dei to sofaane og heilt øvst under taket i kupéen. Bagasje kan også lagrast på eige ansvar i felles bagasjerom i tilknyting til kupéane.
Vi sel heile kupéar som eit tilbod ment for mindre grupper som vil reise saman. Vi har fleire andre tilbod for enkeltreisande, med gode moglegheiter for å finne gode billettar i toget elles.
Når du kjøper ein Kupé-billett så bestiller du automatisk heile kupéen og alle 6 plassane. Du vel sjølv om du ønskjer å reise med fleire, og du kan ta med deg inntil 5 andre reisande i same kupé. Hugs at du ved bestilling må registrere alle i reisefølgjet ditt.
Ja, det er tillate med hund i Kupé. Hundar over 40 cm tel som éin plass i kupéen, og du kan ha med deg maks 3 hundar per kupé. Berre hugs på at hundar har plass på golvet og det er avgrensa med golvplass sidan kupéane er små (3,6 kvm). Det er ikkje plass til hundebur i kupéen.
Vilkår
- Du kjøper din eigen kupé. Ved bestilling registrerer du alle i reisefølgjet ditt, og prisen vil vere den same uavhengig av talet på personar du reiser saman med (maks 6 personar).
- Du kan ikkje endre eller oppgradere Kupé. Du har moglegheit til å leggje til eller redusere talet på reisande i kupéen din så lenge det er ledig plass.
- Du kan ikkje kombinere Kupé med andre rabattar som student, honnør eller barnerabatt.
- Spedbarn blir registrert som 1 plass i kupeen.
- Du kan ta med deg hund gratis. Hundar under 40 cm opptek ikkje eigen plass, medan hundar over 40 blir rekna som 1 plass i kupéen. Maks 3 hundar.
- Du kan ta med deg inntil 30 kg bagasje fordelt på maksimum 3 kolli per person. Det finst noko plass til bagasjeoppbevaring under seta og heilt øvst under taket i kupéen. Du kan også oppbevare bagasje i felles bagasjerom i tilknyting til kupéane.
- Samanleggbar barnevogn er gratis og du kan oppbevare denne i felles bagasjerom i tilknyting til kupeane. Det er ikkje plass til barnevogn i kupéen.
- Du kan bestille sykkelplass mot eit pristillegg. Sykkel blir låst på eige ansvar og du må ha med eigen lås. Les meir om vilkår for sykkel på Bergensbanen.
- Du har fire timars angrefrist frå du kjøper billetten, så lenge du avbestiller før avgangstida til toget.
- Denne billetten kan du få refundert. Det betyr at du får pengane tilbake dersom du avbestiller turen før avreise, uansett årsak.
- Du kan ikkje endre eller oppgradere billetten. Det betyr at du må kansellere billetten og få beløpet refundert, for så å bestille ein ny billett.
- Du kan leggje til eller redusere talet på reisande i etterkant av bestillinga di via kundeservice. Maks 6 personar.
