
Opplev Stockholm: Våre beste tips
Foto: Stina Bengtsson/stockholmmediabank.com
Stockholm er ein vakker by med koselege gamle gater, god mat og nydeleg utsikt over havet. Byen er den største i Norden, og er eit perfekt alternativ for alle som elskar storbyferie! Ein destinasjon du kan reise til for 99 kroner, heilt perfekt for både korte helgeturar og lengre feriar. Her er dei beste reisetipsa våre for Stockholm.



Foto: Victor Gårdsäter, Rosanna Andersson/stockholmmediabank.com
Det lengste kunstgalleriet i verda
Stockholm har eit omfattande T-banenettverk som er perfekt for deg som kjem til byen med tog. Ikkje berre er T-banen praktisk for transport, han blir også kalla det lengste kunstgalleriet i verda. Nesten alle dei 100 stasjonane er dekte av ulike former for kunst, som måleri, statuar og lysinstallasjonar. Vi tilrår difor å bruke litt ekstra tid på å utforske alle dei unike stasjonane i byen, og å ta nokre ekstra stopp på vegen for å få med deg mest mogleg av den magiske kunsten.
Historia om Sveriges største pop-fenomen
ABBA-museet er eit fargerikt og interaktivt museum som tar for seg historia til bandet. Alt frå oppveksten til medlemene til korleis dei vart den verdssensasjonen dei endå er i dag. Du kan sjå originale antrekk, instrument og andre memorabilia frå ABBA gjennom tidene. I tillegg byr museet på opplevingar som karaoke og kviss. Du kan også få kjensla av å vere Abbas femte medlem ved å dele ei hologramscene med bandet.
Klassisk kunst i vakre omgjevnader
Dersom du er glad i kunst, tilrår vi å besøkje Konstakademien (det kongelege svenske kunstakademiet). Det historiske bygget frå 1735 er i seg sjølv grunn til å besøkje, men det inneheld også fleire kunstutstillingar som er verd å få med seg. Inngang til akademiet er gratis, så det er verkeleg ingen grunn til å ikkje stikke innom! Etter å ha tatt inn all den vakre kunsten og arkitekturen, passar det perfekt å ta ein liten pause i Konstakademiens café.
Bestill di reise til Stockholm
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken

Foto: visitstockholm
Våre hotellfavorittar
Downtown Camper
Downtown Camper er eit urbant hotell for deg som ønskjer å bu sentralt og sosialt. Hotellet ligg i Norrmalm, Stockholms mest sentrale bydel, berre ti minutt å gå frå Stockholm Sentralstasjon. Området er perfekt for deg som ønskjer ein skikkeleg storbytur, ettersom det er fylt av store butikkjeder og restaurantar. I tillegg ligg hotellet rett ved T-Centralen, knutepunktet i Stockholms T-banenett, noko som gjer det til eit veldig godt utgangspunkt for vidare utforsking av byen.
Hotellet har to restaurantar og to barar/loungar, der ein av dei er på takterrassen til bygget. På takterrassen finn du også eit utandørs basseng som kan bestillast saman med sauna.
Generator Stockholm
Generator Stockholm er eit rimelegare alternativ for deg som vil bu sentralt på budsjett. Vandrarheimen tilbyr både private hotellrom og senger i sovesalar der du kan få ei overnatting for under 300 kr. I tillegg er det eit perfekt val for deg som reiser åleine eller berre ønskjer å møte nye menneske på turen, ettersom Generator Stockholm har sosiale arrangement som filmkveldar, karaoke og kviss kvar kveld.
Hotel Reisen
For deg som vil unne deg ekstra luksus, eller skal feire noko er Hotel Reisen perfekt. Dette er for deg som ønskjer å overnatte på eit vakkert hotell med ein luksuriøs atmosfære. Hotellet ligg ved vasskanten i Gamla Stan, som gjer at mange av romma har panoramautsikt over Austersjøen. Bygget si over 400 år gamle historie blir spegla i elegant interiør med tydeleg historisk inspirasjon.
Som Stockholm sin originale bykjerne er Gamla Stan fylt av historisk arkitektur og attraksjonar. Frå Hotel Reisen er mellom anna Stockholm slott, Nobelprismuseet og Storkyrkan berre nokre minutt å gå unna.
Her bør du ete i Stockholm

Nationalretten
Meatballs for the people
Kvifor ikkje besøkje ein restaurant som er dedikert til den svenske nasjonalretten? På Meatballs for the People kan du smake kjøtbollar av storfe, fisk, elg og bjørn.

Asiatisk
Mormor Restaurang & Dumplings
Det perfekte lunsj- eller middagsstaden med eit breitt utval rettar for ein kvar smak. Eit godt alternativ for dei som reiser på budsjett, sidan dei fleste rettane kostar under SEK 200.

Bakeri
Stora Bageriet
- **På Stora Bageriet har du moglegheit til å få tak i lunsj, kaffi, eit glas vin og det kanskje viktigaste eit bakeri kan tilby, nemleg bollar.**

Nationalretten
Meatballs for the people
Kvifor ikkje besøkje ein restaurant som er dedikert til den svenske nasjonalretten? På Meatballs for the People kan du smake kjøtbollar av storfe, fisk, elg og bjørn.

Asiatisk
Mormor Restaurang & Dumplings
Det perfekte lunsj- eller middagsstaden med eit breitt utval rettar for ein kvar smak. Eit godt alternativ for dei som reiser på budsjett, sidan dei fleste rettane kostar under SEK 200.

Bakeri
Stora Bageriet
- **På Stora Bageriet har du moglegheit til å få tak i lunsj, kaffi, eit glas vin og det kanskje viktigaste eit bakeri kan tilby, nemleg bollar.**
Foto: Meatballsforthepeople/Instagram , Stockholmfoodology/Instagram, Rosanna Andersson/stockholmmediabank.com
Reis med toget frå storby til storby
Frå Oslo S går avgangane med Vy-toget laurdagar og søndagar. Desse helgeavgangane kan du få heilt ned til 99 kroner, perfekt for deg som vil bruke meir i storbyen enn på sjølve reisa. Moglegheitene er mange for å unne seg ein liten storbyferie.
På tide å utforske Stockholm
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken