Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Nyt sommaren på Hvaler: Reis med Vy express

Øykommunen Hvaler er eit sommarparadis utan like. Opplev kvite sandstrender, båtliv, camping, uteserveringar, torget og masse meir. Ta Vy express linje VY6 og nyt sommardagane i skjergardsriket.

Vy-bussen står på haldeplassen på Skjærhalden, og slepp av passasjerar.
Båtlivet yrer på Skjærhalden. Ei gamal snekke ligg til brygga i strålande vêr.

Busstilbod heile året

Du treng korkje eigen bil eller båt for å utforske denne perla i Østfold. Vy express VY6 køyrer til øykommunen heile året, og om sommaren går det buss frå morgon til kveld. Om sommaren er denne busslinja ekstra populær, då er det lurt å førehandsbestille billetten i god tid før reisa. Bussen køyrer Oslo–Råde–Fredrikstad–Hvaler.

Sjømat på idyllisk uteservering

Solrik uteservering og stilig lokale

Big Fish har ei passeleg stor uteservering på platting med ramper som er tilpassa rullestol. Det er fleire ulike soner på uteserveringa, du kan sitje under syrinbuskane, midt i solsteiken eller i utemøblane blant rosebuskar som lagar behageleg skugge.

Innandørs er det ein stilig kontrast mellom elegante lysekroner, store vindauge og kvitt tak, saman med mørkt golv, møblar i svart, og kvite segldukar som heng oppspende i taket.

Gratinerte sjøkreps serverte med brød og aioli.
Serrano-smørbrød med mozzarella, tomat, salat og balsamico.
Idyllisk uteservering med rosehekk under blå himmel.
Lokalet inne er kontrastfylt med lyse veggar og tak, mørke golv og møblar. Ei elegant lysekrone heng i taket saman med segldukar og grøne plantar.

Kyststien frå Skjærhalden til Storesand

Kyststien tar deg langs flotte strender, forblåst landskap og rundt den nydelege skjergarden. Det kan vere greitt å vite at runden er gjennom variert terreng som svaberg, steinrøyser, høgt gras og skog. Det er ein godt merkt sti; du finn blåmerke-ringar på stein, tre og eigne stolpar.

Storesand besøkssenter og kafé

Det gamle friluftshuset på Storesand har fått ei skikkeleg oppdatering. No har det blitt bygd eit flott og nytt besøkssenter og dessutan sanitæranlegg med toalett og dusj for bade- og campinggjestar. På besøkssenteret kan barna lære om nasjonalparkar, naturvern og forståing for vern av sårbare naturtypar og artar med ulike aktivitetar og spel.

I sommarsesongen har besøkssenteret strandkafé kvar dag frå klokka 10 til 22. I kaféen kan du kjøpe is, vaflar, kioskvarer, salatar og varmrettar, som pølser, hamburgar, biffsnadder og fish & chips. Prisane er mellom 60 og 210 kroner. Det er òg mykje ulik drikke i form av brus, energidrikk, kakao, kaffi og nokre alkoholhaldige alternativ. Utanfor er det fleire piknikbenkar å setje seg ned på.

Utsikt over skjergarden der eit kvitt hus ligg i sola nede ved havet.
Forblåste tre vender seg etter vinden. Blåmerking til kyststien på stein.
Ei lita bru mellom to svaberg. Brua er blåmerkt og ei kvinne går over.
På stranda Storesand finn du kiosk og toalett. Eit moderne lokale med fleire piknikbenkar framføre.

Bestill di neste reise