Personvernerklæring for Vy-appen
Her finn du informasjon om kva personopplysningar som blir behandla og korleis dei blir behandla når du bruker Vy-appen.
Føremålet med behandlinga
For å kunna svare på førespurnader du gjer frå appen ved reisesøk og kjøp, treng Vy mellom anna IP-adresse og GPS-posisjon.
Persondata vi behandlar i appen
- Vi behandlar persondata som IP-adresse og GPS-posisjon om du brukar tenestene våre, også anonymt,.
- IP-adresse blir lagra i opptil ei veke i skyløysinga vår for å oppdage problem eller misbruk av tenestene våre.
- Om GPS er aktivert vil GPS-posisjon blir brukt i stadssøket og vil bli logga for å gjere feilsøking mogleg. Posisjonen vil berre bli lagra om noko i stadssøket feilar, og informasjonen er naudsynt for å løyse feilen.
- Informasjon om operasjonssystem (Android, iOS) og versjon (f.eks. iOS 15.0), og appversjon (f.eks. 669) blir brukt for feilsøking.
- For å optimalisere feilsøking lagrar vi tidsstempel for kva tid appen blir opna.
- Vi lagrar pushvarsel-nøkkel for å kunne sende deg varsel.
Rettsleg grunnlag for behandlinga
Vi har velgrunna interesse av å behandle desse opplysningane for å kunne feilsøkje og halde ved like tenestene tilbydde gjennom Vy-appen.
Skyløysing
Vi brukar Amazon Web Services (AWS) som skyløysing, og det er her personopplysningane som er nemnd over vil bli lagra. Kommunikasjonen mellom Vy-appen og skyløysinga føregår over sikker tilkopling (HTTPS), og tilgangen til opplysningane i skyløysinga er avgrensa.
Tilgangar på mobilen
Vy-appen treng nokre tilgangar for å kunne tilby den beste brukaropplevinga. Desse tilgangane er valfrie og kan skruast av i innstillingane for mobilen, men dette kan føre til at nokre funksjonar ikkje er tilgjengelege.
Stadtenester
For å kunne vise deg nærmaste stasjon, haldeplass eller tilrådde reiserute frå der du er, og sende deg lokasjonspesifikke varslingar, må appen få tilgang til lokasjonsdata frå mobilen.
Varslingar
Vi bruker pushvarsling for å sende deg sanntidsinformasjon om avvik som kan påverke reisa di. Vi sender også varsel om t.d. større planlagde arbeid og påminning om at periodebilletten din straks går ut.
Bakgrunnsoppdatering
Vi oppdaterer innhaldet i appen i bakgrunnen så innhaldet er oppdatert når du opnar appen igjen.
Mobildata
Vy-appen er avhengig av mobildata eller trådlaust nett for å kunna vise reiseforslag og prisar, hente sanntidsinformasjon, gjennomføre billettsal osb.
Kalender
Vy-appen spør om tilgang til å leggje til reiser i kalenderen din.Vi ber berre om avgrensa tilgang og kan ikkje lese frå kalenderen din.
Bilde
Det kan vere aktuelt å leggje til bilde under utfylling av skjema. I desse tilfella vil Vy-appen spørje om privat tilgang til bilda dine, og vil berre få tilgang til bilda du tillèt.
Rettsleg grunnlag for tilgangane
Behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein avtale, eller for å gjennomføre tiltak på den involverte si oppfordring før ei avtaleinngåing.
Statistikk og diagnostikk
For å gjere brukaropplevinga av appen betre blir nokre av aktivitetane i appen logga til Datadog. Datadog blir brukt til å overvake kanalane våre for feil og for å kunne feilsøkje eventuelle problem i tenestene våre. Data som blir lagra i Datadog vil bli sletta innan tre månader.
Dataa blir også lagra i Databricks for å laga statistikk som kan hjelpe oss å forbetre tenestene våre.
Vi har velgrunna interesse for å behandla desse opplysningane då vi bruker innsikta til å forbetre tenestene våre.