Praktisk informasjon om reisa di
Her finn du praktisk informasjon for å gjere tog- og bussreisa di behageleg og føreseieleg. Få svar på ofte stilte spørsmål om bagasje, reise med barn og buss for tog. Vi er her for å gjere reisa di så enkel og hyggeleg som mogleg!
Reise med tog
Reise med buss
Sykkel på bussen
Du kan ta med sykkel på desse linjene: VY1, VY6, VY123, VY175 og FB11. For å vere heilt sikker på at sykkelen får bli med, må du førehandsbestille sykkelplass.
Les meir om sykkel på bussen.

Bagasje og kjæledyr på bussen
Kva kan du ta med på bussen, og kor mykje kan du ta med deg? Kva gjer du om du har mista bagasjen og kan du ta med kjæledyr på bussen?
Sjå bagasjerelaterte spørsmål
Barnesikring på bussen
Det finst nokre barnesete og sitteputer i bussane våre, men desse kan ikkje reserverast. Om du vil vere sikra barnesete eller sittepute, tilrår vi at du tek med dette sjølv. Merk at ikkje alle bussane har både Isofix og trepunktsbelte.

Buss for tog
Er det buss for tog når du skal ut og reise? Vi har samla mykje informasjon om mellom anna tilgjengelegheit, reise med barn, sykkel, barnevogn og bagasje på buss for tog.
Les meir om buss for tog