Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Reis på togferie til Malmö og København

Du kan reise direkte frå Oslo til Malmö, der vegen over til København er kort (eit togbytte). Det er òg lett å kome seg vidare med tog til Europa.

Opplev Malmö, København og Europa

Malmö er ei perle, ein by med mykje historie som er lett å bli glad i, enten du tek beina fatt eller leiger ein sykkel. Om du vil ta nokre dagar i Malmö eller kome deg vidare til kontinentet, er toget ein smidig og miljøvenleg måte å reise på – åleine eller saman med andre.

Med direktetoget vårt til Malmö kjem du deg enkelt til København, turen dit tek berre 30 minuttar med lokaltog, og du sparar ca. ein times reisetid samanlikna med andre togtilbud.

Vy-tog på Malmö stasjon

Destinasjonar

Dame på Munch takterrase

Oslo

Greitt å vite

Mat og drikke

I toget finn du ein kioskautomat med påsmurde sandwichar, snacks, godteri ogdrikkevarer. I tillegg har vi ein varmdrikkautomat med kaffi, te, varm sjokolade og buljong.

  • Upper Crust – 30 % rabatt på alle varer
  • YO! Sushi – 25 % rabatt på all mat. Du kan både ete der eller ta med.

Tilbodet gjeld for alle reisande til utlandet med Vy-billett.

Setereservasjon

For å sikre deg sitjeplass heile vegen, kan du reservere sete mot eit tillegg når du kjøper billett. Reservasjon er mogleg i éi av dei fem vognene til Malmö. Elles finn du ein ledig plass i dei andre vognene når du går på toget.

Reiser du utan setereservasjon, må du passe på å setje deg i rett del av toget, fordi det berre er halvparten av toget som køyrer vidare frå Göteborg til Malmö. Kva del av toget som går vidare mot Malmö er skilta på alle norske stasjonar, og du kan alltid spørje konduktøren om du er usikker. Om du sit i feil del av toget, går det heilt fint å byte når toget er framme i Göteborg.

Legitimasjon

Når du reiser til utlandet, kan det vere grensekontroll når toget kryssar landegrensene. Hugs difor å ta med pass (eventuelt nasjonalt ID-kort).

Har du kjøpt billett med rabatt? Hugs å ta med moderasjonsbevis, til dømes studentbevis.

Oppmøte

Det kan vere greitt å møte opp seinast ti minutt før avgang. Då har du god tid til å finne deg til rette.

Foto: © OpenStreetMap

Kvar kan eg gå av og på?

Toget har linjenummer RE20 og startar på Oslo S. Det går til Malmö kvar helg, og i ferie- og friperiodar. I sommar køyrer vi to daglege avgangar kvar vei i perioden 27. juni–9. august. Det kan vere lurt å sjekke reisesøket eller rutetabellen for å få oversikt.

Toget stoppar som vanleg langs Østfoldbanen og i Ed og Trollhättan før Göteborg. Frå Göteborg stoppar toget på Varberg, Halmstad, Helsingborg og Lund før Malmö C. Toget stoppar også på dei same stasjonane tilbake til Oslo S frå Malmö C.

Mann går på toget.

Fasilitetar om bord i toget

  • Toget har tre toalett, og eitt av desse har stellebord.
  • Du finn rikeleg med bagasjeplass i hyllene over seteradene, og i tillegg har vi eigne bagasjestativ.
  • Om du blir fysen på noko godt, har vi ein kioskautomat med snacks og kalde drikkevarer, i tillegg til ein varmdrikkautomat.
  • Toget har wifi, men dekninga kan vere dårleg – kanskje du endeleg har tid til å lese den boka?

Ha med sykkel

Skal du ha med sykkel på turen, må du bestille plass på førehand. Det gjer du samtidig som du kjøper billett til deg sjølv. Det er få sykkelplassar om bord, så det er lurt å bestille tidleg. Viss du møter opp utan reservasjon, kan konduktøren nekte deg å ta med sykkelen viss det ikkje er ledig plass.

Overgang til Europa

Treng du hjelp?

På hjelpesidene våre finn du alt du treng å vite om å reise med oss.

Inngangen til Malmö Centrastation
To pedalbåter på en elv på vei under en bro.
To personer står og ser utover en elv med trær på hver side.
Utsikt over en havn og strand.
Malmø, sykler parkert ved vannet, med bygningen Turning Torso i bakgrunnen