Personvernerklæring for bruk av vy.no
Her finn du informasjon om kva personopplysningar som blir behandla og korleis dei blir behandla når du bruker vy.no.
Når du bruker nettsida vår (vy.no) kan du velje å berre dele e-postadressa di med oss for å bestille ei reise.
Føremålet med behandlinga
For å kunna svare på førespurnader du gjer ved reisesøk og kjøp treng vi IP-adressa di og e-postadresse.
Persondata vi behandlar på vy.no
- IP-adresse blir brukte for å svare på førespurnader og til å setje lokasjon for å gjennomføra reisesøk.
- E-postadressa di blir brukt til å sende deg billettar og kvitteringar.
Rettsleg grunnlag for behandlinga
Behandlinga er nødvendig for å oppfylle avtalen vår om reisesøk og billettering med deg.
Skyløysing
Vi bruker Amazon Web Services (AWS) som skyløysing, og det er her personopplysningane som er nemnd over vil bli lagra. Kommunikasjonen mellom nettsida og skyløysinga føregår over sikker tilkopling (HTTPS), og tilgangen til opplysningane i skyløysinga er avgrensa.
Statistikk og diagnostikk
For å gjera brukaropplevinga av nettsidene betre, blir nokre av aktivitetane på nettsidene logga til Datadog. Datadog blir brukt til å overvake kanalane våre for feil og for å kunna feilsøke eventuelle problem i tenestene våre. Dataet som blir lagra i Datadog vil bli sletta inn tre månader.
Dataa blir også lagra i Databricks for å laga statistikk som kan hjelpe oss å forbetre tenestene våre.
Rettsleg grunnlag for behandlinga
Vi har velgrunna interesse for å behandle desse opplysningane då vi bruker innsikta til å forbetre tenestene våre.
Meir om kjøp utan Vy-profil
Du kan kjøpe billettar og andre reisetenester på vy.no utan å vere innlogga med ein Vy-profil. Du kan velje å få billetten din på e-post for nokre strekningar, men lokalbillettar må du laste ned i Vy-appen.
Ved billettkjøp behandlar vi berre IP-adressa di, stad basert på IP-adresse, e-postadresse. Betalingsinformasjonen blir berre lagra hos betalingsleverandøren vår.
Viss du kjøper billettar og reisetenester utan Vy-profil, kan vi ikkje varsle deg dersom det oppstår problem med reisa di.
I nokre tilfelle vil leverandørane og samarbeidspartnarane våre krevje at det blir opplyst om namn, alder og fødselsdato til reisande for å hindre misbruk av billettar. Der leverandørane og samarbeidspartnarane våre krev dette, vil vi også be om dette for å kunna gjennomføre avtalen mellom deg og denne leverandøren/transportøren.